Få all hjelp du treng frå éin og same stad
Vi har tradisjonar heilt tilbake til 1922 og feira våre første 100 år i 2022. Blink Hus Stryn og Måløy er ein del av eit større konsern som har både XL-byggevarehus og eige eigedomsselskap. Samla årleg omsetning for konsernet er kring 100 millionar.
Vi har mykje kompetanse i "eige hus" – frå seljarar til byggeleiarar med ingeniørkompetanse og fagbrev. Våra eige byggevarehus stiller òg med ekspertise på maling, flis, kjøkken, garderobe og interiør generelt.
Dersom vi treng spesialtilpassa løysingar, har vi til og med eigen snikkarverkstad. Ikkje minst har vi fantastisk arbeidsstokk som alltid utfører jobben med godt humør. Med alt dette kan du som kunde forvente å få all hjelp på ein og same stad: frå planlegging og søknadar til materialval og innreiingsløysingar. For å toppe det heile har vi Blink Hus-kjeda alltid i ryggen, med fleksible husmodellar som kan tilpassast akkurat dine behov og ønsker.