Stilling Ledig

Voss Byggsenter AS starta i 1991, og held til på Palmafossen, Voss. Sidan starten
har me drive med sal, planlagt og produsert/bygd hus i Vossaregionen og nabokommunar,
samt bygd reisverkshytter tilpassa kunden sine ynskje og behov og
snøforhold i Vossafjella. Me legg vekt på lokal service og kvalitet med eigne lokale

vossatømrarar. Me er med i Blinkhus/hytte som var Norges største huskjede i 2013.

Me søkjer ARKITEKT
til utvikling av bustader, hytter og rehabiliteringsjobbar
Sentrale arbeids- og ansvarsområde:
Me søkjer etter ein dedikert og sjølvstendig medarbeidar
med erfaring frå idéfase til gjennomført prosjekt.

Minimum 6 års relevant erfaring og kunnskap.

• Søkjar bør vera kjend med ArchiCad og ha gode datakunnskapar
• Søkjar må meistra norsk skriftleg og munnleg
• Prosjektleiing og sakshandsaming i alle fasar i byggjeprosjektet
• Utvikling av nye prosjekt/bukonsept på hus og hytter
• Kontakt med kommune, byggherre og leverandørar
• Skapa gode kunderelasjonar
• Idé- og kunnskapsrik om heile byggjeprosessen

Kvalifikasjonar:

• Erfaring med prosjektering av bustader
• Erfaring frå alle fasar i byggjeprosjekt
• Gode kunnskapar i teikneverktøyet ArchiCad
• Evne til å jobba strukturert i eit hektisk arbeidsmiljø der dagen

ikkje alltid vert som planlagt
• Lyst til å vera med og utvikla arkitektdelen av kontoret
• Fagleg engasjement og sjølvstende
• Kreativ og med god framstillingsevne, samt lyst til å utvikla deg
• Sosial og initiativrik, ansvarsfull, kvalitetsbevisst og målretta

Me kan tilby:
• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
• Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
• Fleksibel arbeidstid
• Storslått natur, kort veg til allsidige aktivitetar året rundt

Passar dette deg? SØK!
Har du spørsmål om stillinga, kontakt Øystein 911 11 255.

CV og personleg søknad sendast: oystein@vossbyggsenter.no
Me oppmodar alle søkjarane om å gå inn på nettsida vår:
www.vossbyggsenter.no Her kan de sjå nokre av prosjekta våre,
korleis me jobbar, oversikt over kollegaer osv.