Ledig stilling: Vi søkjer prosjekt/byggjeleiar

STORD: I over 120 år har Blink Hus Valvatne bygd husvære med berekraft, unytting av ressursar og eit solid handverk som fundament. Me har stor pågang på oppdrag innan nye einebustadar, tilbygg/påbygg og rehabilitering, og har mange spanande prosjekt på gang. Derfor søkjer me no ein erfaren prosjekt-/byggjeleiar med byggeteknisk kompetanse.

Vi søkjer òg etter to dyktige tømrarar. Les meir her.


BLINK HUS VALVATNE: Er dette dine nye kollegaer?

Som prosjekt-/byggjeleiar i BlinkHus Valvatne vil du få ei ansvarsfull stilling som kombinerer prosjekt- og byggjeleiing av våre prosjekt. Du vil få stor innverknad og jobbe tett saman med både leiing og seljarar på kontoret og våre dyktige tømrarar på byggjeplassen.

Me ser etter deg som vert motivert av ein allsidig og spanande arbeidskvardag i eit tradisjonsrikt og solid byggjefirma med lokalt eigarskap og kort veg til avgjerder. Du trivst med ein kombinasjon av praktisk oppfølging ute på prosjekta og administrativt arbeid for å planleggje og styre byggjeprosjekta på ein strukturert og god måte.

Ansvar og oppgåver:

  • Teknisk og økonomisk oppfølging av prosjekt frå byggjestart til overlevering.
  • Grunnleggjande byggjeleiing frå A-til-Å og ansvar for tømrardrift i prosjekta.
  • Inngå avtaler med og oppfølging av underentreprenørar og materialbestilling.
  • Overordna driftsansvar, HMS- og byggherreansvar på byggjeplass.
  • Bidra i anbudsprosessar og i nye prosjekt.

Kven er du:

  • Du har relevant utdanning og brei arbeidserfaring innan bygg og anlegg. Meir enn 3 års erfaring frå prosjekt- og byggjeleiing er ein fordel. Det er ikkje avgjerande, men eit pluss dersom du òg har erfaring med teknisk teikning og kan bistå her òg.
  • Du har erfaring med kontraktering av underleverandørar.
  • God økonomiforståing.
  • Du har høg forståing av HMS og kvalitetsarbeid.
  • Du følgjer utviklinga, held deg oppdatert i faget.
  • Du er kundeorientert med god foretningsforståing.
  • Du er resultatorientert med gode evner til å planleggje.
  • Du er ein tydelig og god kommunikator.
  • Førerkort klasse B.
  • Har god evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk.

Hjå oss får du:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom interessante prosjekt saman med flinke kollegaer.
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur.
  • Fokus på kompetanse- og personalutvikling.
  • Gode løns-, forsikring- og pensjonsvilkår.

Søknad:

  • Kortfatta søknad kan sendast til: dkl@valvatne.no. Mrk søknad "Byggjeleiar".
  • Søknadane vert behandla fortløpande og konfidensielt.
  • Tiltreding etter avtale

Er du interessert eller har spørsmål? Kontakt dagleg leiar Dag Kjetil Lægreid på +47 930 46 633 / dkl@valvatne.no

Dag Kjetil Lægreid
Dagleg leiar
Mobil tlf: 930 46 633
E-post: dkl@valvatne.no