Langelandsstølen 21 (bolig 17)

Prisantydning 4 097 000 ,-

Omkostninger 20 000 ,-
Totalpris 4 117 000 ,-
Primærrom 122 m²
Bruksareal 127 m²
Soverom 3
Antall etasjer 2
Boligtype Einebustad
Eieform Eier (Selveier)
Energimerking B

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Mobil 98289939 bs@valvatne.no Send e-post
Anders Titland Salskonsulent Mobil 95960010 at@valvatne.no Send e-post

Boliger

Velkommen til Langelandsstølen 21!

Langelandsstølen 21 er ein av fem moderne og praktiske einebustader med carport, tre soverom og ekstra luftig stove/kjøken Blink Hus Valvatne har for sal i eit solrikt, sentralt og triveleg bumiljø på Langelandsstølen - like aust for Heiane. Denne bustaden er en av kun to som er igjen.

På Langelandsstølen har du handel, natur, skular og fritidsaktivitetar tett på. Midt i blinken for familiar som ønskjer enkel logistikk i kvardagen, så det vert meir tid til kvarandre og dei viktige tinga i livet.

Bustaden

Dei fem moderne og mellomstore einebustadene ligg sørvestvendt, lyst og fint til - midt i feltet. Blink Hus sine arkitektar har lagt vekt på å gi bustadene funksjonelle og godt utnytta areal i begge høgder, så her får barnefamiliar som vil bu sentralt «mykje hus for pengane».

I andre etasje utgjer ei romsleg, kombinert stove og kjøken på 49 m2 det meste av arealet. Stova har ekstra takhøgde som gir luftig og god romfølelse, noko som vert forsterka av framifrå lysinnslepp frå store vindaugsflater. Etasjen inneheld vidare bad, entre og trapp ned til første etasje. Stove, kjøken og entre vert bygd med listefrie overgangar mellom tak og veggar, og det vert listfrie vindaugskarmar i stove/kjøken.

Frå stova er det også utgang til ein romsleg og skjerma balkong på 15 m2, og i bakkant av balkongen har du ei 4,5 m2 sportsbod og carport.

Første etasje (underetasjen) inneheld tre soverom, bad, vaskerom, bod og hall med trapp. Utanfor vert det planert ein triveleg terrasseplatting, og i bakkant av denne får du inngang til sportsbod nummer to (4,5 m2).

For meir informasjon om bustadene sjå prosjektnettsiden på www.langelandsstolen.no eller boligannonsen på www.finn.no/langelandsstølen.

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en hyggeleg og uforpliktende bustadprat.

Plantegninger:

1. etasje

2. etasje