Sago, leilegheit 6

Prisantydning 4 640 000 ,-

Omkostninger 15 000 ,-
Totalpris 4 655 000 ,-
Primærrom 129 m²
Bruksareal 138 m²
Soverom 3
Antall etasjer 2
Boligtype Leilegheit
Eieform Eier (Selveier)

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Mobil 98289939 bs@valvatne.no Send e-post
Anders Titland Salskonsulent Mobil 95960010 at@valvatne.no Send e-post

Boliger

Velkommen til leilegheit 6 i prosjektet Sago!

I bustadprosjektet Sago, på historisk grunn like ved bryggekanten i Sagvåg, har Blink Hus Valvatne for sal åtte moderne leilegheiter med carport. Utsikt til hamna og sjøen. Kun tre leilegheiter igjen!

Området

Kystlandsbyen Sagvåg er nest største tettstaden i Sunnhordland, og nede i hamna bur du svært sentralt i høve til butikkar, bensinstasjon, fysioterapeut, frisør, serveringsstader, tannlege og dei andre tilboda i sentrum. Skular og barnehagar har du òg i gangavstand, og hoppar du i bilen tek det berre sjuåtte minuttar før du er på Heiane – Sunnhordlands største handels- og servicesenter.

Sagvåg og Litlabø byr òg på mange moglegheiter for ei aktiv fritid – både på sjø og land. I skogen, fjellet og lysløypa finn du mange fine og varierte turalternativ – anten du føretrekker å gå, springa eller sykla. Storavatnet innbyr til både bading, padling og ferskvassfiske, og det finst ei rekke ulike klatrefelt der du kan utfordra berg og hammar. Naturlegvis kan du også velja å engasjera deg i eit variert lags- og organisasjonsliv.

Bustaden

Den moderne og lettstelte leilegheiten ligg lyst og fint til – like ved bryggekanten. Blink Hus sine arkitektar har lagt vekt på å gi bustaden funksjonelle og gode planløysingar som passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her vil alt frå førstegongsetablerarar til seniorar som ønskjer å kvitta seg med einebustaden finna seg godt til rette.

Bustaden inneheld tre soverom, kombinert stove og kjøken, to bad, samt innvendig lagringsplass. Leilegheiten har «alt på eitt plan»-funksjonane, men også eiget loft.

Den nøkkelferdige leilegheiten vert leverte med kjøken med kvitevarepakke. Badet vert innreia med flisemønstra baderomspanel, flisa golv og baderomsmøblar. Ønskjer du å setja ditt eige preg på bustaden, tilbyr Blink Hus Valvatne også ei liste med tilvalsmoglegheiter for materialval og innreiing.

Vassboren varme med felles borehol og varmepumpe gir betyelege reduserte oppvarmings/ straumkostnader.

Fellesområde

Fellesområdet rundt Sago blir tilrettelagt med parkering, sportsbuer, grøntareal og leikeplass. Det høyrer med carport og utvendig sportsbu til kvar leilegheit. Bustadene i første etasje får inngang og carport på bakkeplan, mens einingane i andre etasje får inngang og carport i flukt med leilegheitene.

Fellesområdet rommar også gjesteparkering og handicap-plassar. Alle vegar og biloppstillingsplassar vert asfalterte, og det blir sett opp eigne miljøstasjonar for bossdunkar.

Det vil bli oppretta eit eige sameige som skal administrera fellesareala, bostømminga, serviceavtale for brannvernanlegg, samt andre felles interesser. Alle husstandar pliktar å vera med i sameiget.

For meir informasjon om bustadene sjå prosjektnettsiden på www.sagvagbryggje.no eller boligannonsen på www.finn.no/sagvagbryggje.

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en hyggeleg og uforpliktende bustadprat.

Plantegning: