Åsaheio 67

Prisantydning 2 880 000 ,-

Omkostninger 6 000 ,-
Totalpris 2 886 000 ,-
Primærrom 84 m²
Bruksareal 88 m²
Soverom 2
Antall etasjer 2
Boligtype Rekkehus
Eieform Eier (Selveier)

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Mobil 98289939 bs@valvatne.no Send e-post
Anders Titland Salskonsulent Mobil 95960010 at@valvatne.no Send e-post

Boliger

Velkommen til Åsaheio 67!

I populære og veletablerte Valvatnafeltet på Stord har Blink Hus Valvatne for sal fire praktiske bustader i rekke med to eller tre soverom, biloppstilling og moglegheit for plass i felles carport.

Dei vestvendte bustadene ligg på eit lite høgdedrag med utsikt mot området vest for Åsaheio og karakteristiske Siggjo på Bømlo. Det er barnehage rett borti gata og fin gangavstand til dei mange handels- og servicetilboda på Heiane.

Bustaden

Rekkebustaden i Åsaheio er teikna av Blink Hus Valvatne, og er spesialtilpassa tomta, terrenget og omgjevnadene. Innvendig er det lagt vekt på funksjonelle og gode planløysingar, utforma med omtanke for travle barnefamiliar eller «empty-nesters».

Toppetasjen er dedikert til ei vestvend, kombinert stove med kjøken på 38 kvadratmeter. Stova har store vindaugsflater for godt innslepp av naturleg lys, peisomn frå Jøtul og utgang til delvis overbygd balkong. Andre etasje inneheld vidare gjestetoalett, entre og trapp.

Første etasje inneheld to soverom med god skapplass, der hovudsoverommet får utgang til terrasseplatting. Det er i tillegg kombinert bad og vaskerom, bod, gang og trapp.

Alle dei tørre romma vert innredd med gipsplater som blir måla med to strøk maling, samt kvitlasert eikeparkett. Kjøkena får slette, kvite kjøkeninnreiingar av typen Sigdal Fjell frå Stord Kjøkkensenter.

Bad vert bygde med flisemønstra Fibo baderomspanel på veggane og fliser på golv. Baderomsmøblement hentar me frå serien Sigdal Lilje Klassisk, levert frå Stord Kjøkensenter.

Husa får balansert ventilasjon med pollenfilter og varmegjenvinning med høgste verknadsgrad. I byggjeprosessen vert det også lagt ekstra vekt på lufttetting, i tråd med varmetapsberekning og gjeldande byggeforskrifter.

Du får også høve til å setja ditt eige preg på din nye heim på Åsaheio, då Blink Hus Valvatne tilbyr fleire tilvalsmoglegheiter for materialbruk og innreiing. Desse tilvala vert avgrensa etter kvart som byggjeprosessen skrir fram og bustadene vert ferdigstilte.

For meir informasjon, sjå boligannonsen på www.finn.no/valvatnafeltet.

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en hyggeleg og uforpliktende bustadprat.