STORD: 4 praktiske bustader i rekke på det populære Valvatnafeltet

Prisantydning 2 886 000-3 296 000 ,-

Omkostninger 6000 ,-
Primærrom 84-87 m²
Bruksareal 93,2-101,5 m²
Antall etasjer 2
Boligtype Rekkehus
Eieform Eier (Selveier)

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Mobil 98289939 bs@valvatne.no Send e-post
Anders Titland Salskonsulent Mobil 95960010 at@valvatne.no Send e-post

Boliger

Nøkkelferdige og praktiske rekkebustader i Valvatnafeltet

I populære og veletablerte Valvatnafeltet på Stord har Blink Hus Valvatne for sal fire praktiske bustader i rekke med to eller tre soverom, biloppstilling og moglegheit for plass i felles carport. Dei vestvendte bustadene ligg på eit lite høgdedrag med utsikt mot området vest for Åsaheio og karakteristiske Siggjo på Bømlo. Det er barnehage rett borti gata og fin gangavstand til dei mange handels- og servicetilboda på Heiane.

Inspirerande omgjevnader

Åsaheio ligg svært sentralt i høve til handels- og servicetilbod og supert turterreng. Det er nemleg fin gang- og sykkelavstand både til Heiane, Sunnhordlands største handelsområde, og til inngangen til nettverket av turløyper i Landåsen/Skjepåsen på Valvatna. Storavatnet, som byr på ypparlege forhold for padling og ein dukkert, ligg heller ikkje langt unna.

Sjølve Valvatnafeltet er eit populært buområde, ikkje minst for barnefamiliar. Feltet har fleire leike- og ballplassar og frå dei nye rekkehusa er det berre om lag 200 meter til FUS Valvatne Barnehage.

Hoppar du i bilen, køyrer du til Leirvik og dei mange handels-, service-, kultur- og idrettstilboda i og rundt sentrum på rundt sju minuttar. Til Sagvåg, nest største tettstaden i Sunnhordland, er det også rundt sju minuttar i bil. På vegen passerer du Tjødnalio skule, som førstetil sjuandeklassingane i Valvatnafeltet soknar til.

Bustadene

Dei fire rekkebustadene i Åsaheio er teikna av Blink Hus Valvatne, og er spesialtilpassa tomta, terrenget og omgjevnadene. Innvendig er det lagt vekt på funksjonelle og gode planløysingar, utforma med omtanke for travle barnefamiliar eller empty-nesters.

Toppetasjen er dedikert til ei vestvend, kombinert stove med kjøken på 41 eller 38 kvadratmeter. Stova har store vindaugsflater for godt innslepp av naturleg lys, peisomn frå Jøtul og utgang til delvis overbygd balkong. Andre etasje inneheld vidare gjestetoalett, entre og trapp.

Blink Hus Valvate gir deg som kjøpar høve til å setja ditt eige preg på din nye heim i Åsaheio. Me tilbyr fleire tilvalsmoglegheiter for materialbruk og innreiing. Du kan til og med få carport dersom du ynskjer det. Men vær rask, tilvala vert avgrensa etter kvart som byggjeprosessen skrir fram og bustadene vert ferdigstilte, så det er lurt å vera om seg, avslutter Titland med eit smil.

Utvendig areal

Med bustaden følgjer det også sportsbu og oppstillingsplass for ein bil ved inngangspartiet til kvart husvære. Det vert asfaltert heilt fram til inngangspartia, og lagt grus i ei meters breidde rundt resten av bygningsmassen. Resten av tomtearealet vil verta planert med eksisterande moldmasse, nordover frå den felles miljøstasjonen kjem det ein gangsti med tilkomst til kvar bustad.

For mer informasjon, sjå boligannonsen på www.finn.no/valvatnafeltet

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en uforpliktende bustadprat.