Storasletto 48 A

STORD: Einebustad i funkisstil, nær Leirvik Sentrum

Prisantydning 4 500 000 ,-

Omkostninger 70 000 ,-
Totalpris 4 570 000 ,-
Primærrom 141,8 m²
Bruksareal 141,8 m²
Antall etasjer 2
Boligtype Einebustad
Eieform Eier (Selveier)
Energimerking C

Kontakt

Bjørn Storebø Salskonsulent Mobil 98289939 bs@valvatne.no Send e-post
Anders Titland Salskonsulent Mobil 95960010 at@valvatne.no Send e-post

Velkommen til Storasletto 48 A

I solrikt, eldre villaområde like utanfor sentrumskjernen på Leirvik har Blink Hus Valvatne for sal to innhaldsrike einebustader i funkisstil. Ein er allerede solgt!

Med tre til fire soverom, 100 meter til barnehage og kort veg til skular, idrettsanlegg og friluftsområde, er dette supre bustader for barnefamiliar på jakt etter sin nye heim.

Området

På Storasletto bur du svært tett på, men samstundes skjerma frå sjølve sentrumskjernen i byen Stord. Herifrå er det berre fem til timinuttars gange til handel, kultur og servicetenestene på Vikjo, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule, samt nær butikken på Bjelland. Skogatufto barnehage ligg hundre meter borti gata.

Storasletto byr også på flotte moglegheiter for ei aktiv fritid gjennom nærleiken til turterrenget, bade- og fiskemoglegheitene i Gullberg og Sponavikjo, tur- og trimløypene i Landåsen, Kristtornskogen golfpark, og ikkje minst idrettsparken på Vikahaugane – som inneheld gode fasilitetar for alt frå fotball til handball, friidrett, turn, skeising, klatring, tennis og sandvolleyball.

På Storasletto har du dessutan framifrå solforhold frå tidleg morgon til seint på kveld, og frå andre etasje i funkisbustadene vert det utsikt til Stordafjellet i nord og Kvinnheradsfjella i aust.

Bustaden

Dei to funkishusa på Storasletto 48 er teikna av Blink Hus Valvatne. Dei toetasjes einebustadane er spesialtilpassa tomta, terrenget og omgjevnadene, og det er lagt vekt på funksjonelle og gode planløysingar for travle barnefamiliar.

For gunstigast mogleg pris, er det lagt opp til eigeninnsats i form av maling.

Andre etasje vert prega av ei kombinert stove med kjøken på nær 54 m2. Denne har store vindaugsflater for godt innslepp av naturleg lys , peisomn og utgang til den store altanen på 30 m2. Vidare inneheld andreetasjen bad, bod, gang og trapp. Kjøparar med behov for ekstra sengeplass har også høve til å skilja ut eit 12,5 m2 stort soverom frå den sørlege delen av stova.

Første etasje inneheld tre soverom i storleiken 8,8 til 13 m2, hallmed trapp, bad, vaskerom og bod.

Begge einebustadene vert innreidde med gipsveggar i alle tørre rom, flisemønstra baderomspanel av valfri type i bad og vaskerom, samt golvfliser i bad, hall og vaskerom. Golvet i stove og kjøken vert eikeparkett.

Bustadene vert vidare leverte med moderne, kvite kjøkkeninnreiingar i klassisk stil og moderne baderomsmøblar.

Bustadane får balansert ventilasjon med pollenfilter og varmegjenvinning med høgste verknadsgrad.

I byggjeprosessen vert det også lagt ekstra vekt på lufttetting, i tråd med varmetapsberekning og byggeforskriftene.

Kjøparane har fleire tilvalsmoglegheiter for materialbruk og innreiing, og har dermed høve til å setja sitt eige preg på bustaden. Desse tilvala vert avgrensa etter kvart som byggjeprosessen kjem i gang og dei ulike romma skal sluttførast. Storasletto 48 A og B vert ferdigstilte etter nærare avtale med kjøparane.

Ring oss gjerne dersom du har spørsmål eller lurer på om dette kan vere noko for deg, så finn vi sikkert ei løysing

Plantegning: