1 / 8

8 leilegheiter med sjøutsikt - Sagvåg, Stord (ALLE SOLGT)

Velkommen til Sago!

OBS: Alle leilegheitene i Sagvågen er no seld.

Etter suksessen med Holmen og Høvleriet, er Blink Hus Valvatne klar med siste steg i bustadutbygginga langs sjøkanten i Sagvåg sentrum. I området der den gamle «Valvatnasago» tidlegare stod, kan du no nyta dagane i ei lettstelt leilegheit – tett på hamna og bryggekanten. Byggetrinnet består av 8 leilegheiter. Klikk her for å sjå film fra bustadprosjektet.

Privat visning etter avtale! Ta kontakt med Bjørn Storebø på bs@valvatne.no, 98 28 99 39 eller Anders Titland på at@valvatne.no, 95 96 00 10.

Området

Kystlandsbyen Sagvåg er nest største tettstaden i Sunnhordland, og nede i hamna bur du svært sentralt i høve til butikkar, bensinstasjon, fysioterapeut, frisør, serveringsstader, tannlege og dei andre tilboda i sentrum. Skular og barnehagar har du òg i gangavstand, og hoppar du i bilen tek det berre sjuåtte minuttar før du er på Heiane – Sunnhordlands største handels- og servicesenter.

Sagvåg og Litlabø byr òg på mange moglegheiter for ei aktiv fritid – både på sjø og land. I skogen, fjellet og lysløypa finn du mange fine og varierte turalternativ – anten du føretrekker å gå, springa eller sykla. Storavatnet innbyr til både bading, padling og ferskvassfiske, og det finst ei rekke ulike klatrefelt der du kan utfordra berg og hammar. Naturlegvis kan du også velja å engasjera deg i eit variert lags- og organisasjonsliv.

Bustadene

Dei åtte moderne og lettstelte leilegheitene ligg lyst og fint til – like ved bryggekanten. Blink Hus sine arkitektar har lagt vekt på å gi bustadene funksjonelle og gode planløysingar som passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her vil alt frå førstegongsetablerarar til seniorar som ønskjer å kvitta seg med einebustaden finna seg godt til rette.

Bustadene inneheld mellom to og fire soverom, kombinert stove og kjøken, eitt eller to bad, samt innvendig lagringsplass. Alle leilegheitene har «alt på eitt plan»-funksjonane, mens dei to midtarste bueiningane i andre etasje får òg eigne loft.

Dei nøkkelferdige leilegheitene vert leverte med kjøken med kvitevarepakke. Bada vert innreia med flisemønstra baderomspanel, flisa golv og baderomsmøblar. Ønskjer du å setja ditt eige preg på bustaden, tilbyr Blink Hus Valvatne også ei liste med tilvalsmoglegheiter for materialval og innreiing.

Vassboren varme med felles borehol og varmepumpe gir betyelege reduserte oppvarmings/ straumkostnader.

Fellesområde

Fellesområdet rundt Sago blir tilrettelagt med parkering, sportsbuer, grøntareal og leikeplass. Det høyrer med carport og utvendig sportsbu til kvar leilegheit. Bustadene i første etasje får inngang og carport på bakkeplan, mens einingane i andre etasje får inngang og carport i flukt med leilegheitene.

Fellesområdet rommar også gjesteparkering og handicap-plassar. Alle vegar og biloppstillingsplassar vert asfalterte, og det blir sett opp eigne miljøstasjonar for bossdunkar.

Det vil bli oppretta eit eige sameige som skal administrera fellesareala, bostømminga, serviceavtale for brannvernanlegg, samt andre felles interesser. Alle husstandar pliktar å vera med i sameiget.

For meir informasjon om bustadene sjå prosjektnettsiden på www.sagvagbryggje.no eller boligannonsen på www.finn.no/sagvagbryggje.

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en hyggeleg og uforpliktende bustadprat.