Familievennleg og naturnært | Einebustadar, fleirmannsbustadar og einebustadtomter
Nøkkelinfo
Eierform
Boligtype
Velkomne til Brekkane Bustadfelt – i sentrum av «5-minuttsbygda»
Endeleg kan vi introdusere eit heilt nytt bustadfeltet på Hareid. Her kan du flytte inn i eit familievennleg felt som fleire generasjonar vil trivast i.
Om bustadene
På Brekkane kan du no velje mellom heile 4 bustadtypar, i tillegg til at du kan kjøpe ei av fem einebustadtomter og planlegge din eigen bustadtype – saman med oss!
Gjennom å tilby fleire ulike type bustadar, håpar vi å skape eit byggefelt der folk kan bu heile livet og vere med å skape eit godt miljø for både små og store.
1. «Nordnes» – Funksjonelle einebustadar med «noko attåt»
Ni einebustadar fordelt på tre eksklusive kjedar. Kvar av dei har sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Vi har også lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie.
2. «Kongsvik» – Kompakte og moderne einebustadar, skråstilt for best utsikt og soltilhøve
På same rekka som «Nordnes», har vi planlagt fem skråstilte einebustadar med store vindaugsflater, stor terrasse, og skråstilt for best mogleg sol- og utsiktstilhøve. Her er det tilpassingsmoglegheiter, ein kan til og med få ekstrainntekter ved å leige ut hybelleiligheit, om ein ikkje har behov for dette arealet sjølv.
3. «Selnes 107» – Tre bustadar i rekke med eigen carport.
På området i feltet som ligg lengst i aust, har vi planlagt tre «tremannsbustadar» og to tomannsbustadar frå Mestergruppen sin Selnes-serie. Dei tre rekkehusa er kvar på 107 m2 og kan leverast med heile fire soverom, eventuelt med tre soverom og to stove. Her kan ein altså velje mellom fleire alternative planløysingar for 1.etasje, avhengig av behov.
4. «Selnes tomannsbustad» - Tomannsbustad med fire soverom
Tomannsbustadane har tre romslege soverom i 1.etasje og «master»-soverom med eiga garderobe i 2.etasje. Med to gode bad, carport og parkeringsplass, kan ein bu i denne bustaden i mange av livets faser.
5. Vel eit kataloghus eller design din draumeheim
På dei fem øvste tomtene på Brekkane kan du byggje bustad etter eigne ynskjer og budsjett. Skap draumebustaden din ilag med oss!
Om området
Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen, og meir til.
Kanskje du har høyrt om 15-minutts-byen, der alt skal være innan 15 min gangavstand? I Hareid får du oppleve vår eigen versjon: 5-minuttsbygda, rett nok ved hjelp av bil innimellom. Her har du berre 5 minutt til:
- Butikken
- Skule og barnehage
- Treningssenter og fritidsaktivitetar
- Fjellet
- Stranda
Vi må særskilt nemne Hareid sine moglegheiter for fritids- og rekreasjonsaktivitetar. Hareidlandet har eit enormt tal på turstiar, både bratt og slakt, og etter ein tur på ein av desse, kan du ta deg eit sjøbad og ein tur i saunaen midt i sentrum. Om Hareid vert det sagt at ligg i «sentrum på Sunnmøre» og det er vi heilt einige i! Plasseringa er ideell for pendling til Ålesund, anten via hurtigbåt eller ferje. Og tek du bilen fatt kan du kome deg til alt mellom Ullstein og Volda på 15-45 min.
Hareid opplev stadig vekst, og har fleire hjørnesteinsbedrifter som har eit enormt behov for teknisk kompetanse. Ta gjerne kontakt om du ynskjer å prøve noko nytt og lurer på moglegheitene for ei karriere i ei av desse bedriftene.
Det løner seg å kjøpe nytt!
Når du kjøper ein heilt ny bustad får du fleire fordelar som:
- Ingen har budd der før – bli den første som bur seg inn i bustaden
- Alt er nytt! Som betyr mindre vedlikehald og null oppussing
- Sett ditt personlege preg på bustaden gjennom tilval
- Null stress med bodrundar
- Spar pengar på ein energieffektiv bustad og låg dokumentavgift
- 5 års reklamasjonsrett
Om Blink Hus Søre Sunnmøre
Når vi skal hjelpe deg med å bygge husdraumen står dine behov i fokus. Våre tilsette stiller med brei kompetanse, lang erfaring, og ein tydeleg motivasjon for å levere kvalitet over tid. I ei utfordrande og turbulent tid for byggebransjen, står vi fjellstøtt takka vere berekraftig og framoverlent drift gjennom mange år. Vi er difor eit trygt val for våre kundar, både no og i framtida.
Ta kontakt eller meld interesse i dag så held vi deg informert på vegen mot din nye bustad.