Hogaåsen - Inste Urene 4.
Stor 2-manns bustad med carport og fantastisk utsikt!
Kun del B igjen!
Velkommen til Hogaåsen!
Med ei fantastisk utsikt over Eid, og med eit flott opparbeida nabolag er Hogaåsen blitt ein triveleg, praktisk og trygg stad å bu!
2 store sjølveigarbustadar i vertikaldelt 2-mans bustad. Bustadane er av same type som vi allereie har seld 6 av i Inste Urene. Kvar bueining er på totalt 166 m2 BRA som inkluderer carport og utvendig sportsbod.
Hovedplan på 73 m2 som inneheld soverom, bad, bod, entrè, gang samt kjøkken/stove i open løysing. Carport og sportsbod i tilknyting til inngangsparti der ein kan gå under tak i mellom. Carporten og sportsboda er på til saman 23,2 m2.
Underetasje er med 2 soverom, stort bad, stort vaskerom, bod og stove/trapperom og er på totalt 70,6 m2.
Tilkomst: Via kommunal veg. Bustadane har felles innkøyrsle og biloppstillingsplassar.
Målingsklar leveranse:
Bustadane leverast i utgangspunktet målingsklare, men kan etter avtale leverast med ferdige overflater klart til innflytting.
Interessert?
Ta kontakt med oss for prospekt og visning!
Ring Endre på Tlf 90768081