4 bustader i Valvatnafeltet er lagt ut for sal. Pris fra 2.880.000!

I populære og veletablerte Valvatnafeltet på Stord har Blink Hus Valvatne for sal fire praktiske bustader i rekke med to eller tre soverom, biloppstilling og moglegheit for plass i felles carport. Dei vestvendte bustadene ligg på eit lite høgdedrag med utsikt mot området vest for Åsaheio og karakteristiske Siggjo på Bømlo. Det er barnehage rett borti gata og fin gangavstand til dei mange handels- og servicetilboda på Heiane.


SPENNENDE OMRÅDE: Desse flotte bustadene er nyleg lagt ut for sal i Åsaheio. Dette er ein flott moglegheit til å sikre seg ny bustad i dette området seier seljar Anders Titland hjå Blink Hus Valvatne.

Åsaheio ligg svært sentralt i høve til handels- og servicetilbod og supert turterreng. Her er det fin gang- og sykkelavstand både til Heiane, Sunnhordlands største handelsområde, og til inngangen til nettverket av turløyper i Landåsen/Skjepåsen på Valvatna.

Les meir om bustadene på Finn.no her: 4 Rekkehus i Åsaheio.

- Valvatnafeltet er eit trygt og populært buområde på Stord, ikkje minst for barnefamiliar, starter seljar Anders Titland, hjå utbyggjar Blink Hus Valvatne. Det veletablerte bustadfeltet har fleire leike- og ballplassar og frå dei nye rekkehusa er det berre om lag 200 meter til FUS Valvatne Barnehage.


BRA PLASSERING: Bustadene i Åsaheio får nærhet til det meste.

Dei mange handels-, service-, kultur- og idrettstilboda i og rundt Leirvik-sentrum er heller ikkje langt unna.

- Hoppar du i bilen køyrer du til Leirvik på rundt sju minuttar. Ein tur vestover til Sagvåg tar deg omtrent like mange minutt og på vegen dit passerer du Tjødnalio skule, som første- til sjuandeklassingane i Valvatnafeltet soknar til, fortel Titland.

For eldre ungdom vil den nye Nysæter ungdomsskule, ”Du glitrande”, stå klar hausten 2022, legg han til.


PLANLØSNING: Gode løsninger fordelt på 2 etasjer med moglegheit for carport.

Funksjonelt, vestvendt og med lave driftskostnader

Dei fire rekkehusa i Åsaheio er teikna av Blink Hus Valvatne.

Innvendig er det lagt vekt på funksjonelle og gode planløysingar og bra standard på materialer. Bustadene er også spesielt utforma med tanke på travle barnefamiliar eller «empty-nesters» - der god kvardagslogistikk og ynskje om minimalt med nødvendig vedlikehald er viktig.

- Dette er godt gjennomtenkte bustader, tilpassa tomta, terrenget og omgjevnadene. Du har gode solforhold, vestvendt plassering, og utsikt mot Siggjo på Bømlo, fortel Titland og held fram:

Det er noko heilt spesielt å flytta inn i splitter ny bustad. Å vera den første som gjer husværet til ein heim. Du kan gløyme alt av oppussing, maling og ting som må ordnast og i staden bruka tida di i lag med dine næraste og på det du helst vil gjere.


SITUASJONSPLAN: Slik er planen at bustadene skal organiseres.

Å kjøpe nybygg sparar deg for tusenvis av kroner kvart år i driftskostnadar.

Dette er kostnader som blant anna går til oppvarming, og oppussing av boligen. Dette slepp du i nybygg, sier Titland entusiastisk, og legger til: I tillegg kan det vera fleire titals tusen å spare på dokumentavgifa.

Kva vil du trekka fram som særs bra med desse bustadene?

- Her får du moderne bustad med nærleik til barnehage, skule, butikkar, fritidsaktivitetar og ypperlege turmoglegheiter, svarar Titland.

I tillegg får du som kjøpar høve til å setja ditt eige preg på din nye heim i Åsaheio. Me tilbyr fleire tilvalsmoglegheiter for materialbruk og innreiing. Du kan til og med få carport dersom du ynskjer det. Men vær rask, tilvala vert avgrensa etter kvart som byggjeprosessen skrir fram og bustadene vert ferdigstilte, så det er lurt å vera om seg, avslutter Titland med eit smil.

Finn meir info om bustadene på Finn.no her: 4 einebustader i Åsaheio.

Interessert? Kontakt Anders eller Bjørn for en uforpliktende bustadprat.

Bjørn Storebø
Salskonsulent
Mobil tlf: 98 28 99 39
E-post: bs@valvatne.no

Anders Titland
Salskonsulent
Mobil tlf: 95 96 00 10
E-post: at@valvatne.no