Stilling ledig arkitekt

Voss Byggsenter AS starta i 1991, og held til på Palmafossen, Voss. Sidan starten har me drive med sal, planlagt og produsert/bygd hus i Vossaregionen og nabokommunar, samt bygd reisverkshytter tilpassa kunden sine ynskje og behov og snøforhold i Vossafjella.

Me legg vekt på lokal service og kvalitet med eigne lokale Vossa-tømrarar. Me er med i Blinkhus/hytte som var Norges største huskjede i 2013.

Me søkjer ARKITEKT

til utvikling av bustader, hytter og rehabiliteringsjobbar.
Sentrale arbeids- og ansvarsområde: Me søkjer etter ein dedikert og sjølvstendig medarbeidar med erfaring frå idéfase til gjennomført prosjekt.

Minimum 6 års relevant erfaring og kunnskap.

  • Søkjar bør vera kjend med ArchiCad og ha gode datakunnskapar
  • Søkjar må meistra norsk skriftleg og munnleg
  • Prosjektleiing og sakshandsaming i alle fasar i byggjeprosjektet
  • Utvikling av nye prosjekt/bukonsept på hus og hytter
  • Kontakt med kommune, byggherre og leverandørar
  • Skapa gode kunderelasjonar
  • Idé- og kunnskapsrik om heile byggjeprosessen

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med prosjektering av bustader
  • Erfaring frå alle fasar i byggjeprosjekt
  • Gode kunnskapar i teikneverktøyet ArchiCad
  • Evne til å jobba strukturert i eit hektisk arbeidsmiljø der dagen ikkje alltid vert som planlagt
  • Lyst til å vera med og utvikla arkitektdelen av kontoret
  • Fagleg engasjement og sjølvstende
  • Kreativ og med god framstillingsevne, samt lyst til å utvikla deg
  • Sosial og initiativrik, ansvarsfull, kvalitetsbevisst og målretta

Me kan tilby

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Storslått natur, kort veg til allsidige aktivitetar året rundt

Passar dette deg? SØK!

Har du spørsmål om stillinga, kontakt Øystein 911 11 255.

CV og personleg søknad sendast: oystein@vossbyggsenter.no

Me oppmodar alle søkjarane om å gå inn på nettsida vår: www.vossbyggsenter.no. Her kan de sjå nokre av prosjekta våre, korleis me jobbar, oversikt over kollegaer osv.