Hopp til hovedinnhold
Blink Hus Stryn og Måløy

Sponsa nye vindauge til Stryn Arbeidssenter

Kva gjer ein når kommunale kroner blir for små? Endre Håberg, dagleg leiar i Blink Hus Stryn (Sølvberg Bygg AS), var ikkje i tvil då Martin Roland Hansen viste han lokala til Stryn Arbeidssenter: – sjølvsagt sponsar vi nye vindauge til eit bygg og brukarar som verkeleg fortener det!
Smil og glede for nye vindauge på Stryn Arbeidssenter

Smil og glede for nye vindauge på Stryn Arbeidssenter. Frå venstre, Martin Roland Hansen, dagleg leiar Stryn Arbeidssenter, Sigmund R. Havradalen, Karin Gregersen Vik, Monica Tonning, Henrik Mehl, distriktssjef i Natre Vinduer AS og Endre Håberg, dagleg leiar i Blink Hus Stryn. Foto: Magne J. Krumsvik/MJK Media

Endre Håberg, dagleg leiar i Blink Hus Stryn, fekk med seg distriktssjef Henrik Mehl i Natre Vinduer AS. Natre er ein av byggevarehandelen sin leiande vindaugeprodusent i Noreg. Dermed vart det nye vindauge til arbeidssenteret, og i etterkant har fleire sponsorar blitt med på ein oppgradering av bygget.

Vindauga hos Stryn Arbeidssenter held på å falle ut før dei vart skifta

Vindauga hos Stryn Arbeidssenter held på å falle ut før dei vart skifta. Foto: Privat

-Eg vart sjokkert over det eg såg. Vindauga held på å falle ut. Dei hadde blitt provisorisk festa med tape og anna for å kunne fungere. Likevel bles det gjennom dei på sidene, og når ein tok på vindauga så fall det store bitar frå dei. Eg tenkte med ein gong at her må det nye vindauge til, seier Endre Håberg.

Det var i samband med at Martin Roland Hansen, dagleg leiar i Stryn Arbeidssenter, inviterte han på omvising på bygget til Stryn Arbeidssenter at Håberg forstod at her var det lenge sidan det hadde blitt gjort noko for å oppgradere bygget.

-Det såg ut som ein skule som vart bygd under 2. verdskrigen, og ikkje gjort noko med sidan då. Vi i Blink Hus Stryn er heldige som har gjort det bra dei siste åra, og då skulle det berre mangle at vi gir noko tilbake også. Då er dette absolutt verdige mottakarar, seier han.

Spleiselag

I samband med at sponsorane gjorde seg klar til å ordne nye vindauge til Stryn Arbeidssenter gjorde dei ein ting klart for Stryn kommune, som står bak Stryn Arbeidssenter.

-Vi held vindauge om kommunen skiftar dei sjølve! Det kunne kommunen naturlegvis ikkje takke nei til. Det vart eit fint spleiselag, smiler Håberg.

Endre Håberg, dagleg leiar i Blink Hus Stryn

Endre Håberg, dagleg leiar i Blink Hus Stryn. Foto: Magne J. Krumsvik/MJK Media

I etterkant av vindauga som vart sponsa så har snøballen teke til å rulle. No har fleire frå næringslivet, lag- og organisasjonar meldt seg på. Nytt kjøkken, nytt belegg på golva, nytt inngangsparti og mykje meir. Alt dette i godt samarbeid med kommunen, som spelar på lag med næringslivet.

Nyttig samarbeidsprosjekt

Henrik Mehl i Natre Vinduer AS var ikkje i tvil om at han ville bli med på sponsorlaget då Endre Håberg tok kontakt.

- Dette er både eit nyttig og viktig samarbeidsprosjekt. Vi har blitt ein av Noreg sin leiande vindaugeprodusent til byggevarehandelen gjennom å gi våre kundar tryggleik i valet om å kjøpe våre produkt, då er det på sin plass å gi noko tilbake. Å sponse dette prosjektet har gjort at både brukarar og tilsette i Stryn Arbeidssenter har fått ein ny og betre kvardag. Ikkje minst med tanke på trivsel og tryggleik, påpeikar Mehl.

Han viser til det gode samarbeidet med Blink Hus Stryn og Martin på Stryn Arbeidssenter.

-Dette er noko som vi er stolte av å kunne vere med på. Her har fleire gode krefter gått saman for å få til ein betre kvardag for mange. Det er kjekt å sjå at vindauga har kome opp og vil gjere nytte for seg i mange år framover, smiler han.

Fantastisk

Dagleg leiar i Stryn Arbeidssenter, Martin Roland Hansen og kollega Karin Gregersen Vik er svært takksame for sponsinga frå Blink Hus Stryn og Natre Vinduer AS.

-Det er berre heilt fantastisk, seier Roland Hansen, som har vore dagleg leiar for det lokale arbeidssenteret i om lag eitt år. Han er full av lovord om det gode samarbeidet.

Han fortel at både Endre og Henrik såg behovet til Stryn Arbeidssenter, og valde å spele på lag. I etterkant har fleire aktørar også meldt seg på, slik at ein gradvis får oppgradert bygget til dagens standard.

-Stryn Arbeidssenter har betydning for mange, og vi vil vere synleg i lokalmiljøet. For at vi skal kunne fungere på best mogleg måte så er trivsel veldig viktig, påpeikar Martin Roland Hansen.

Kollega Karin Gregersen Vik har vore tilsett ved Stryn Arbeiddsenter i 21 år. Ho trivst veldig godt på jobben, men erkjenner at lokala har vore ein utfordring.

-No gler vi oss over nye vindauge og alt det andre som blir fornya her. Både vi som tilsette og brukarane set stor pris på at Blink Hus Stryn og Natre Vinduer AS ville sponse oss, seier Gregersen Vik.

Medalje til sponsorane

At mottakarane av nye vindauge både var glade og takksame fekk både Håberg og Mehl merke ein dag dei vart inviterte til Stryn Arbeidssenter.

-Når vi kjem til denne gjengen på Stryn Arbeidssenter så blir vi mottekne både med smil og klem. At dei i tillegg hadde laga oss unike og spesielle medaljer for sponsinga vår fekk fram både ei og to tårer i augekroken. Snakk om takksame mottakarar. No håper vi at Stryn Arbeidssenter blir prioritert også i framtida, seier Endre Håberg og Henrik Mehl.

Brukarar og tilsette på Stryn Arbeidssenter hadde nyleg snorklipping for fornyinga av bygget. Det måtte naturlegvis forevigast på film. Foto: Martin Roland Hansen

Takksame mottakarar på Stryn Arbeidssenter