
Lyst å bli med på laget?
Me i Steinsbø Hus treng fleire tømrarar med på laget. Er du tømrar, snekker, handverkar, lærling eller har erfaring frå bransjen? Då er me interessert i å snakka meir med akuratt deg.
8.-9. juni samla Blink Hus-forhandlarar frå heile landet seg til årskonferanse i Tromsø. Her vart det også delt ut prisar, og Blink Hus Voss stakk av med to av dei gjevaste:
Andreas Buset Rogne vann prisen for Årets byggeleder.
Kai Arne Hårklau vart Årets selger.
Årets byggeleder Andreas vert av juryen beskriven som eit friskt og ungdommeleg pust i organisasjonen, som raskt tok tak i arbeidsoppgåvene då han vart tilsett i 2021. Han har bidrege sterkt til at Blink Hus Voss skårar høgt på kundetilfredsheit i dag.
Årets byggeleder i Blink Hus, Andreas Rogne.
Sjølvsagt er det stor stas å få pris. Å bli sett er alltid ei god kjensle, og gjev ekstra motivasjon i tida framover. Så må eg leggje til at eg har gode kollegaer som er innstilte på å bidra på jobb, seier Andreas.
Årets seljar Kai Arne er ifølgje juryen ei stjerne i salsteamet. I ei utfordrande tid har han overgått salmåla sine og sett ein ny standard. Han er også ein kollega som spelar medarbeidarane sine gode.
– I konkurranse med så mange dyktige og dedikerte «Blinkarar» er det ei stor ære å vinne denne prisen. Eg er stolt og det kjennest som ei stadfesting på at vi gjer mykje rett, seier Kai Arne.
Årets selger i Blink Hus, Kai Arne Hårklau. Foto: Daniel Lilleeng
Han meiner resultata kjem gjennom godt samarbeid med byggeledarar, produksjonen og ikkje minst kundane.
– Å prøve å forstå kundens behov, skape tryggleik og ha god kommunikasjon gjennom heile prosessen, skaper tillit. Prisen gjev meg motivasjon til å gi gass vidare, for det er alltid rom for forbetring, seier Kai Arne.
Årets byggeleder og Årets selger har levert på fleire viktige område som overhalding av tidsfristar, gode overtakingar, god kommunikasjon med alle partar og god utvikling i sal.
Då er det ikkje rart champagnekorka spratt i Tromsø. Men etter å ha landa igjen på Voss, er den lokale forhandlaren mest oppteken av å rette blikket mot nye spanande oppgåver.
– For oss som bedrift er det stor stas å få desse prisane. Vi har dyktige medarbeidarar som kvar dag gjer det vesle ekstra, og vi er eit team som jobbar godt saman. Dette gjev oss mykje motivasjon til å stå på framover, seier dagleg leiar Ståle Rørlien.
Etter ein lengre periode med dårleg utvikling i bransjen, merkar Blink Hus Voss no auka etterspurnad. – Det er positivt, og vi håpar den trenden blir betre og betre i tida som kjem, seier Rørlien.
Går du med planar om å byggje hus? Våre dyktige medarbeidarar står klare for å hjelpe deg å få heimmet du ønskjer og følgjer deg gjennom heile prosessen til innflytting.
Me i Steinsbø Hus treng fleire tømrarar med på laget. Er du tømrar, snekker, handverkar, lærling eller har erfaring frå bransjen? Då er me interessert i å snakka meir med akuratt deg.
Ekteparet levde hektisk i storbyen, men så fikk de muligheten til å leve et annet liv. Nå bor Charles og Odd Roald Ravndal på bygda med byens «fasiliteter» innomhus – og storslagen natur rett utenfor husveggen.
– De var alltid tilgjengelige. Det var bare å sende en melding, så ble ting ordnet. Jeg følte meg aldri som en av mange, forteller May Gunn
Været i Norge byr på store kontraster – fra snø og frost til sol og regn. Når du skal bygge terrasse eller oppgradere fasaden, er det derfor viktig å velge materialer som er laget for å tåle både klimaet og tiden.