Om prosjektet
Kvernahaugen er veldig solrik med flott utsikt, delvis mot sjø med Straumfjorden i sør og Storavatnet i vest og nord. Prosjektet vert levert nøkkelferdig med ferdig opparbeida uteområde, terrassar, belegningsstein, asfalt, eigen leikeplass og miljøstasjon. Her treng ein berre å ta med seg flyttelasset.
Bustaden passer for alle som ynsker eit lettstelt hus og uteområde, men som ynsker å være eigar av eiga tomt. Denne buforma med bustader i rekkje er nytt på Bømlo, og kan være eit godt alternativ til leilighet, firmannsbustad eller einebustad. Her vil ein eiga si egen tomt og uteområde, men får likevel fordelen av å være i eit fellesskap.
Bustaden er over to plan med innvendig trapp, og har utgang til eigen stor og solrik takterrasse. I tillegg er det to biloppstillingsplassar pr. bustad. Det vert i tillegg tilrettelagt for nokre felles gjesteparkeringar.
Bustaden vil ha ein gjennomgåande høg og moderne standard. Bustaden leverast "nøkkelferdige", som beskriver ein innflyttingsklar bustad. Det er inkludert kjøkken frå Drømmekjøkkenet med integrerte kvitevarer, baderomsinnreiing, garderobar og vaskeromsinnreiing.