Tomtene ligg i det nyleg utbygde Tysemarkjo-feltet. Feltet er eit av dei mest populære områda å bu i på Stord, med det meste av det ein ynskjer og treng i nærleiken. Ikkje minst er det attraktivt for familiar, då barnehagen er nærmaste nabo og skule samt stort idrettsanlegg ligg i umiddelbar nærhet. Det er mange gode leikeplassar og samlingsstader for både store og små. Barnefamiliane treffest ofte her, og ikkje minst i barnehagen til leik og ettermiddagskaffi. Alt i alt er byggjefeltet den ideelle stad å bu, då det ikkje minst gjer kvardagen, spesielt for barnefamiliar, lettare og mindre stressande med td. transport til og fra barnehage og skule samt aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.
Vakre tur- og friluftsområder både i nærleiken, men også rundt om på Stord, gjev innbyggjarane gode livskvalitetar som få andre stader kan måla seg med. I gangavstand ligg Ådlandsvatnet med idyllisk trim- og turløype rundt og med flotte badeplassar. Tomtene har utsikt til Stord-fjellet med sine populære og mykje nytta turstiar, der ein kan nå toppar og fiskevatn eller berre rett og slett vera aktiv og nyte den vakre naturen .
Nedanfor feltet ligger eit aktivt Stord Hestesportsenter. Og for den som er interessert, kan ein om sommaren nytte den flotte 9-hulls golfbana, som er næraste nabo, før den inntas av ski- og akeglade ungar i alle aldrar når snøen legg seg.
I Rommetveit båtlag er det mogleg med båtplass i ei lun og trygg småbåthavn. Fra havna er det også dirkete tilgang til den freda Hystadmarka, som også er eit mykje nytta friluftsmål, med opparbeida tursti og mange badeplassar.
Kollektivtransport er godt utbygd og med bil når ein både Leirvik sentrum og Heiane Industriområde på 5-10 minutt.