Nøkkelinfo
Boligtype
Tomteareal
Einebustadtomt i Steinhaugmarka, Sveio Sentrum
No har du høve til å sikre deg ei attraktiv tomt på heile 720 m², sentralt plassert i hjarta av Sveio. Tomta ligg i eit etablert og barnevenleg bustadområde, og har sørvendt beliggenheit med svært gode solforhold – eit ideelt utgangspunkt for deg som ønskjer å realisera draumeheimen i solrike og trivelege omgjevnader.
Tomta er grovplanert og omkransa av ein solid og estetisk natursteinmur som både tilfører karakter og fungerer som støttemur. Dette gir eit utmerka utgangspunkt for vidare bygging, utan behov for omfattande grunnarbeid.
Skule og barnehage ligg berre nokre få minutt unna, og det er gangavstand til Sveio sentrum med butikkar, kafé, apotek og andre servicetilbod.
I tillegg har du kort veg til flotte turområde og naturopplevingar – perfekt for ein aktiv og familievenleg kvardag.
Tomta kombinerer sentral beliggenheit med rolege og landlege omgjevnader – eit ideelt val for familiar, eller for deg som ynskjer å bu lettvint og fredeleg på same tid.
Fakta om tomta:
Tomta er sjølveigande og grovplanert, og vert selt med salsklausul. Ho er tilrettelagd med tilkomstveg, samt offentleg vatn og avløp, noko som gir eit godt utgangspunkt for vidare bygging. Det er førebudd for tilkopling av både straum og fiber, slik at bustaden lett kan knytast til moderne infrastruktur.
I nærområdet er det opparbeidd ein felles leikeplass, noko som bidreg til eit barnevenleg og triveleg bumiljø.
Tomtepris:
Kr 1 390 000 + omkostningar (kr 35 830)
Oppmålingsgebyr er inkludert i tomtekostnaden. Påkoblingsavgift for vatn og avløp til Sveio Kommune kjem i tillegg. Dette er p.t kr 50 000.