Beskrivelse
Dalaneset på Moster
No kan du sikre deg ein lekker bustad med effektiv planløysing, 3 soverom og eit moderne garasjeanlegg -ved sjøen!
Med låge bukostnader kan du bu med sjøen som næraste nabo, du har moglegheit for båtplass, og eit levande nabolag med folk i alle aldrar! Dersom du bestemmer deg før 31.12.25, kan du bu avdragsfritt i inntil 8 år!
Området har parkeringshus under bakken, universelt utforma uteområde og bustader tilpassa alle livsfasar – med tilgang til både badestrand og kaianlegg for deg som vil utforske den vakre skjærgarden.
Her ligg det einebustader, tomannsbustader og firemannsbustader, og no er neste byggjetrinn snart i gang! Bustadene er moderne og glir rett inn i det maritime miljøet.
Bustadene går over to plan og har ei funksjonell og gjennomtenkt planløysing med livsløpsstandard. Her får du tre soverom, to bad, open stove- og kjøkkenløysing samt ei triveleg loftstove. Himlinga i 2. etasje gir ei luftig romkjensle, medan store vindaugsflater i stove og kjøkken slepp inn rikeleg med dagslys og gir bustaden eit moderne preg.
Bustadene vert levert med jamt god standard (sjå prospekt for meir informasjon). Kjøkken og baderomsinnreiing kjem frå kvalitetsleverandøren Sigdal, levert av Stord Kjøkkensenter, og komplett sett med kvitevarer er inkludert. Det er varmekablar i heile 1. etasje, samt bad i 2. etasje. I prisen er det inkludert ein garasjeplass med moglegheit for elbilladar i eit moderne, felles garasjeanlegg under bakken.
Bustadene er 80 % Husbankfinansiert, og med ei unik finansieringsløysing kan du (ved signering innan 31.12.25) få avdragsfritt lån i inntil 8 år, noko som gjer det enklare enn nokon gong å kome seg inn på bustadmarknaden!
Dei månadlege utgiftene vert følgande (forutsetter 20 % eigenkapital):
- Renter Husbanken: Kr 10 700 pr mnd.
- Fellesutgifter: Kr 1529 pr mnd
- -Kommunale avgifter etter gjeldande takst: ca kr 1320 pr mnd
Dette betyr at du kan bu nytt, komfortabelt og moderne - utan at økonomien vert for trang.