Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Kjem for sal! Flotte einebustadtomter i nye Kårevik Vest.

Kårevikvegen 5412 Stord
Bjørn Storebø
Seljar

Nøkkelinfo

Boligtype

Tomter

Kårevik Vest

Ditt nye bustadområde

På vegne av Kårevik Utvikling er Valvatne Bygg stolte over å kunne presentere eit nytt og spennande bustadområde i det populære og naturskjønne Kårevik. Prosjektet omfattar totalt ni einebustadtomtar, ein seksmannsbustad, ein firemannsbustad og ein firemannsbustad i rekke. I tillegg kjem eit leilegheitsbygg på austsida av området. Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.

Me legg snart einebustadtomtene ut for sal. Dei ligg vakkert plassert på toppen av haugen, og har byggjeklausul – noko som gir deg moglegheit til å setje ditt eige preg på bustaden. Her kan du realisere bustaddraumen i rolege og naturskjønne omgjevnader. Tomtene vert levert grovplanert, og varierer i størrelsar frå 516 m² - 741 m². Meir info ligg på prosjektet si heimeside,https://karevikvest.valvatne.no, og denne vert oppdatert fortløpande.

Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. Snart kan du sikre deg din plass i dette nye nabolaget!

Følg med – salget nærmar seg!

Kårevik Utvikling er eit samarbeidsprosjekt mellom Valvatne Bygg og Ingeniør Jørgensen. I 2021 kjøpte dei tomteområdet i Kårevik, og sidan har dei samarbeidd om å utvikle og prosjektere det til eit nytt bustadområde.
Valvatne Bygg har ansvar for sal og oppføring av einebustadtomtene og fleirmannsbustadene, medan Ingeniør Jørgensen står for utvikling og bygging av leileghetsbygget som skal plasserast på austsida av området.

Målet med prosjektet er å skape eit bustadområde som passar for folk i alle aldrar – med ulike behov, ynskjer og budsjett.