På vegne av Kårevik Utvikling er Valvatne Bygg stolte over å kunne presentere eit nytt og spennande bustadområde i det populære og naturskjønne Kårevik. Prosjektet omfattar totalt åtte einebustadtomtar, ein seksmannsbustad, ein firemannsbustad og ein firemannsbustad i rekke. I tillegg kjem eit leilegheitsbygg på austsida av området.
Einebustadtomtene i dette prosjektet er no lagd ut for sal! Dei ligg vakkert plassert på toppen av haugen, og har byggjeklausul – noko som gir deg moglegheit til å setje ditt eige preg på bustaden. Her kan du realisere bustaddraumen i rolege og naturskjønne omgjevnader. Tomtene vert levert grovplanert, og varierer i størrelsar frå 516 m² - 590 m², med prisar frå 1 850 000,- til 2 280 000,-
MEIR INFO OM DEI ENKELTE TOMTENE LIGG PÅ PROSJEKTET SI HEIMESIDE; https://karevikvest.valvatne.no
Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø. Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. No kan du sikre deg plass i dette nye nabolaget!
Vær rask, her er det fyrstemann til mølla!