Beskrivelse
Fire bustader i rekke, i nye Kårevik Vest
Velkomen heim!
På vegne av Kårevik Utvikling er Valvatne Bygg stolte over å kunne presentere eit nytt og spennande bustadområde i det populære og naturskjønne Kårevik. Her vert det både romslege einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader – perfekt for alt frå barnefamiliar og førstegangskjøparar til dei som ynskjer seg ein lettstelt bustad.
Me legg no ut for sal fire moderne bustader i rekke - alle med carport.
Bustadene er på eitt plan og har ei gjennomtenkt planløysing med open stove- og kjøkkenløysing, samt utvendig sportsbod med carport. Bustadane har eit moderne og stilreint utvendig uttrykk, med store glasflater og høg himling i stova. Carporten sørger for eit lunt uteområde samstundes som den fungerer som eit naturleg skille mot nabohuset.
Bustadene har 3 soverom, eit bad og eit gjestetoalett. Leileghetene vert levert med gjennomgåande bra standard (sjå eiga romskjema og leveransebeskriving). Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert av Stord Kjøkkensenter, med løysingar frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Komplett sett med kvitevarer er inkludert i leveransen.
Som kunde får du moglegheit til å setja ditt personlege preg på bustaden gjennom utvalde tilval. Dette kan til dømes vere val av parkett og peisomn, farge og front på kjøkkeninnreiing eller oppgradering av baderomsinnreiing og garderobar.
Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.
Prosjektframdrift:
Salgsstart: 4 kvartal 2025
Oppstart: 2 kvartal 2026 (forutsetter nok sal)
Ferdigstilling: 2 kvartal 2027
Kårevik kombinerer det beste frå to verdener – ei sentral og praktisk plassering, samstundes som du får nyte den landlege roen. Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. Dette vert eit nabolag med plass til trivsel, kvardagsliv og framtidsplanar, og bustader tilpassa ulike behov og budsjett.