Velkomen til Vestlio!
Ny bustad før sumaren?
Me legg snart ut for sal fire moderne leilegheiter i Bygg C - som er siste byggjetrinn i Vestlio 2!
Her har du moglegheit til å skaffe deg ein heilt ny bustad, med innflytting allereie i løpet av fyrste kvartal 2026! To leilegheiter er allereie seld (C3 og C4), og me legg snart ut dei resterende fire leilegheitene.
Vestlio er eit nytt bustadområde på Tyse, med gangavstand til næraste daglegvarebutikk Spar Haga, Hystad barneskule og Nordbygdo ungdomsskule.
Bustadområdet består av fleire rekkehus og leilegheiter, og Bygg C ligg nedst i feltet - i ein endeveg. Her får du gode solforhold, utsikt mot Stordfjella, sentral plassering og låge bukostnader!
Området byr på mange fritidstilbod, mellom anna Prestegardskogen Idrettsanlegg, Stord Hestesportsenter og Stord Golfklubb med sitt flotte anlegg. Du finn også flotte turmoglegheiter i nærområdet, i Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet.
Leirvik sentrum ligg ca. 4 km frå bustaden. Servicetilbodet på Leirvik er stort, og her finn du blant anna Amfi-senteret med over 35 butikkar, samt eit levande sentrum med fleire frittliggande butikkar. Her finn du også Stord kulturhus, som er samlingspunktet for kulturlivet på Stord med framsyningar, konsertar og kulturskule. I tillegg finn du tilbod som bibliotek, symjing, kino, skatepark, petanque-bane m.m.
Dette får du:• Låge omkostnader
• Flott utsikt og gode solforhold
• God og gjennomtenkt planløysing
• 2 soverom
• Open stove/ kjøkkenløysing
• Sentral plassering
• Kvitevarer inkludert
• Vassboren varme i entré, stove, kjøkken, bad og toalettrom
• Eigen utvendig sportsbod (ca 5 m²)
• Moglegheit for carport
• Burettslag med fellesgjeld
I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.