Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Moderne leilegheiter i Vestlio

Brotåsen 37 5414 Stord
Pris fra
1 257 000 kr
Anders Titland
Seljar
Prosjektet bygges av

Valvatne Bygg AS

Me har gjennom seks generasjonar og 125 år med erfaring sett opp tallause heimar og næringsbygg. Mange år med omstillingar og endringar har gjort oss gode på tilpassingar. Me har vore her lenge, og vil vera her lenge – ikkje fordi me er gamle, men fordi me er gode på å tilpassa oss.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Andel

Primærrom

89 - 90 m2

Beskrivelse

Velkomen til Vestlio

Me har for sal fire moderne leilegheiter i Bygg C - som er siste byggjetrinn i Vestlio 2! 

Her har du moglegheit til å skaffe deg ein heilt ny bustad, med innflytting allereie i løpet av fyrste kvartal 2026!

To leilegheiter er allereie seld (C3 og C4), og her er det fyrstemann til mølla!

Vestlio er eit nytt bustadområde på Tyse, med gangavstand til næraste daglegvarebutikk Spar Haga, Hystad Barneskule og Nordbygdo Ungdomsskule.

Bustadområdet består av fleire rekkehus og leilegheiter, og Bygg C ligg nedst i feltet - i ein endeveg. Her får du gode solforhold, utsikt mot Stordfjella, sentral plassering og låge bukostnader!

Området byr på mange fritidstilbod, mellom anna Prestegardskogen Idrettsanlegg, Stord Hestesportsenter og Stord Golfklubb med sitt flotte anlegg. Du finn også flotte turmoglegheiter i nærområdet, i Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet.

Leirvik sentrum ligg ca. 4 km frå bustaden. Servicetilbodet på Leirvik er stort, og her finn du blant anna Amfi-senteret med over 35 butikkar, samt eit levande sentrum med fleire frittliggande butikkar. Her finn du også Stord kulturhus, som er samlingspunktet for kulturlivet på Stord med framsyningar, konsertar og kulturskule. I tillegg finn du tilbod som bibliotek, symjing, kino, skatepark, petanque-bane m.m.


Dette får du:

• Låge omkostnader

• Flott utsikt og gode solforhold

• God og gjennomtenkt planløysing

• 2 soverom

• Open stove/ kjøkkenløysing

• Sentral plassering

• Kvitevarer inkludert

• Vassboren varme i entré, stove, kjøkken, bad og toalettrom

• Eigen utvendig sportsbod (ca 5 m²)

• Moglegheit for carport

• Burettslag med fellesgjeld

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.