Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Moderne og lettstelte bustader i rekke

Kårevikvegen 5412 Stord
Pris fra
5 750 000 kr
Bjørn Storebø
Seljar
Prosjektet bygges av

Valvatne Bygg AS

Me har gjennom seks generasjonar og 125 år med erfaring sett opp tallause heimar og næringsbygg. Mange år med omstillingar og endringar har gjort oss gode på tilpassingar. Me har vore her lenge, og vil vera her lenge – ikkje fordi me er gamle, men fordi me er gode på å tilpassa oss.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

3

Eierform

Selveier

Primærrom

91 m2

Beskrivelse

To bustader i rekke | Alt på eitt plan | Moderne og lettstelt

Dei to bustadene D1 og D2 er ei forlenging av fire tilsvarende bustader i rekke (C1-C4) i det nye bustadfeltet Kårevik Vest.

På grunn av stor etterspørsel etter desse, vert det no lagd ut to tilsvarande bustader på nabotomta, øvst i feltet.

Bustadene er på eitt plan og har ei gjennomtenkt planløysing med open stove- og kjøkkenløysing, samt utvendig sportsbod med carport. Bustadane har eit moderne og stilreint utvendig uttrykk, med store glasflater og høg himling i stova. Carporten sørger for eit lunt uteområde samstundes som den fungerer som eit naturleg skille mot nabohuset.

Dette får du:

  • 3 soverom
  • eit bad og eit gjestetoalett
  • carport
  • høg himling i stove og kjøkken, samt store glasflater
  • Sigdal kjøkken- og baderomsinnreiing frå Stord Kjøkkensenter
  • komplett sett med kvitevarer

Som kunde får du moglegheit til å setja ditt personlege preg på bustaden gjennom utvalde tilval. Dette kan til dømes vere val av parkett og peisomn, farge og front på kjøkkeninnreiing eller oppgradering av baderomsinnreiing og garderobar.

Kårevik Vest

På vegne av Kårevik Utvikling er Valvatne Bygg stolte over å kunne presentere eit nytt og spennande bustadområde i det populære og naturskjønne Kårevik.

Her vert det både romslege einebustadtomter, bustader i rekke og moderne fleirmannsbustader – perfekt for alt frå barnefamiliar og førstegangskjøparar til dei som ynskjer seg ein lettstelt bustad.

Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.

Kårevik kombinerer det beste frå to verdener – ei sentral og praktisk plassering, samstundes som du får nyte den landlege roen. Dette vert eit nabolag med plass til trivsel, kvardagsliv og framtidsplanar, og bustader tilpassa ulike behov og budsjett.

Valvatne Bygg

Valvatne Bygg AS er ein del av den tradisjonsrike Valvatne - gruppa på Stord. Det familieeide selskapet i gruppa har drive byggjeverksemd i Sunnhordlandsregionen i over seks generasjonar, i heile 125 år.

Valvatne Bygg AS har i ei årrekke bygd ut større og mindre bustadfelt på Stord og i kommunane rundt, noko som har gjeve oss solid erfaring og kompetanse på slike prosjekt.

Me er også stolt medlem av Blink Hus, Noreg si største bustadbyggjarkjede.

Valvatne Bygg AS held til i Ringvegen 12 på Heiane, Stord. Me har kontor i andre etasje, over byggjevareutsalet til XL-BYGG VALVATNE.

Velkomen innom oss for ein hyggjeleg tomte- og bustadprat!

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.