Blink Hus Søre Sunnmøre
Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenVi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenHer får du ein moderne bustad på eitt plan, med enkel tilkomst, god plass og kort veg til både sentrum og natur
Bustaden har inngang frå sida og er teikna av MG arkitekter, så her kan du gå tørrskodd frå carporten og rett inn i gangen.
Perfekt for både unge og eldre
Bustaden passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her kan førstegongsetablerarar med små born få den gode starten på familielivet, og seniorar som vil kvitta seg med einebustaden, men ikkje heilt gi slepp på hagen - finne seg vel til rette.
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande husprat!
Bustadane inneheld mellom anna to soverom, bad, gjeste-Wc, bod og stor kjøken/stove på ca. 45m2. Carport og overbygd, Terrasse på ca. 17m2 er inkludert.
Det er lagt vekt på vedlikehaldsvenlege overflater utvendig på bustadane. Utvendig kledning er royalimpregnert, og ved hurtig avgjersle er det mogleg å påverke fargeval.
I tillegg blir det nytta vindu med aluminiumsinndekning som kun gir vasking som vedlikehald. Arkitektane har hatt fokus på ein moderne fasade som skil seg litt ut.
I leiliegheitene er det tenkt nytta kjøken frå Drømmekjøkkenet Hareid og det er inkludert innreiing til 130.000,- i prisen. Utover dette får ein dei same gode rabattane på eventuelle endringar.
Golva i tørre rom er planlagt høgkvalitets klikkvinyl, på badet er det flis med kantflis. På veggane i tørre rom er det ferdigmåla plater, på badet er det baderomspanel frå FIBO.
Kjøpar kan innanfor gitte rammer velja andre produkt enn det som er beskrive som standardprodukt. Ønskjer du å setje ditt eige preg på bustaden, tilbyr vi dette gjennom avgrensa typar av parkett, fliser, innvendige dører og farger på vegg og himling. Dette gjeld dersom du bestemmer deg for kjøp tidleg i byggefasen.
Lampetypar, punktantall og plassering kan endrast. Slike endringar vil i dei fleste tilfelle medføre priskonsekvens.
Dersom ynskjeleg er det mogleg å velje desse leiligheitene med tre soverom. Dette medfører endringar i storleiken på bustaden og vil ha ein konsekvens på prisen.
Ta kontakt for meir informasjon om dette.
Bustadane ligg berre nokre få minutt frå Hareid sentrum, med butikkar, service og båtplassar. Her bur du med kort veg til heile regionen – enten du pendlar til Ålesund med ferje/hurtigbåt, eller har jobb i Ulstein, Volda, Ørsta, Herøy eller Sande.
Frå døra di kan du velje mellom fjellturar i alle retningar, eller ein tur på fjorden – perfekt for deg som ønskjer både natur og nærleik til det urbane.
Teigane 18Hareid
HareidsvegenHareid
Myrvågtoppen 77Gurskøy