
Vi søkjer Byggeleiar
Sølvberg Bygg AS er eit solid og lokalt forankra byggjefirma med fokus på kvalitet, godt handverk og fornøgde kundar. Selskapet er forhandlar av Blink Hus og er ein viktig bustadbyggjar i Nordfjord. Vi har varierte oppdrag frå hytter og einebustadar til prosjektutvikling med rekkehus og fleirmannsbustadar på eigne tomtar. Til kontoret vårt i Stryn treng vi ein dyktig og engasjert byggeleiar som vil vere med og vidareutvikle verksemda. Vi søkjer deg som har god byggkunnskap og kommuniserer godt med kundar og utførande.




