Smørauget i regionen – midt blant lokale leverandørar og samarbeidspartnarar
«Frå Hareid kan ein gå til syden!» -Terje Giskeødegård Balsnes, dagleg leiar Blink Hus Søre Sunnmøre
Vi ligg nemleg så sentralt som ein kanskje kan få det – lengst aust på Hareidlandet med kort avstand til både fastlandet og øyane i havgapet. Som ein del av Blink Hus får vi også direkte nærleik til store varehus i Fosnavåg og Ålesund. Dette gjer at vi kan levere riktig produkt raskare. Det vil bidra til at vi i enda større grad kan legge energien i det vi meiner er viktigast: behovet til kunden.
Vi har eit godt samarbeid med lokale entreprenørar på mellom anna graving, rør og elektro. Dette er svært verdifullt både for deg som kunde, men også for oss som skal ta vare på deg i prosessen. Saman sørger vi for at du får den hjelpa og innsikta du treng. Det skapar tryggleik på alle plan når ein veit at leverandøren leverer same gode kvalitet gong på gong. Prosessen flyt lettare, og faren for misforståingar er betrakteleg mindre.

Hareidlandet har endra seg mykje sidan 60-talet, men Blink Hus Søre Sunnmøre ynskjer då som no å tilby bustadar av best mogleg kvalitet til kundane.