Hopp til hovedinnhold
Ein heim bygd med tillit og lokal kvalitet

Ein heim bygd med tillit og lokal kvalitet

Det er ei unik historie bak kvar heim. Å byggje eit nytt hus er meir enn berre betong og plankar – det er ei reise prega av viktige avgjerder og detaljar. Det er tillit, samarbeid, og lidenskap. La deg inspirere av Carl Magnus og familiens reise mot den herskapelege bustaden på Skeide i Ulstein.

Vurderer du å byggje hus med Blink Hus Søre Sunnmøre? Sjå prisar for våre husmodellar på nett! Du kan også ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Sofakrok med utsikt til solnedgang

Carl Magnus og familien drøymde om eit kvitt hus ved sjøen, tilpassa deira personleg stil både inne og ute.

I trygge hender frå første stund

Carl Magnus og kona hadde tidlegare erfaring med husbygging. Denne gongen hadde dei difor tydelege ønskjer om korleis dei ville at huset skulle sjå ut. Vi satt oss ned saman for å gå gjennom prosjekt som vi hadde realisert tidlegare.

Herskapelig hus i solnedgang

Ein ny heim i glød frå kveldssola.

– Byggjeskildringa vi fekk var solid, med robust konstruksjon og gjennomført kvalitet i alle ledd. Her var det ikkje spart på noko. Blink Hus Søre Sunnmøre var òg konkurransedyktige på pris, noko som gjorde valet svært enkelt, fortel Carl Magnus.

Herskapelig hus med garasje

Ein herskapeleg bustad med tidlaus skjønnheit.

Ei personleg oppleving

Å byggje hus er ei reise som involverer spenning, forventning og stoltheit. Etter vi har kartlagt dine draumar og har ein plan over den generelle utførselen, blir du satt i kontakt med dyktige arkitektar som teiknar prosjektet for deg. Gjennom samarbeid og kommunikasjon kan du gje tilbakemelding på teikningane og kome med eventuelle endringar eller justeringar.

– Det er utruleg mange val å ta når ein skal byggje hus. Her skal Blink Hus Søre Sunnmøre ha velfortent skryt! Sjølv om vi gjorde mange endringar frå byggjeskildringa, var dei løysingsorienterte gjennom heile prosessen, fortel Carl Magnus.

Alt er nøye utvalt

Å sjå din eigen heim vekse frå grunnmuren til det ferdige resultatet er ei unik og minneverdig oppleving. I planleggings- og byggjeprosessen fekk Carl Magnus og familien delta i alle avgjerder som skulle takast.

Dette er nokre av måtane dei satt sitt preg på heimen:

  • Tre romslege soverom av same størrelse, skreddarsydd for alle borna.
  • Kjøkken frå vår eiga avdeling: Drømmekjøkkenet Hareid.
  • Detaljval: frå fliser og golv til maling, vindauge, dører, dørhandtak, stikkontaktar, armatur og vaskar.

Meir enn ein entreprenør

– Blink Hus Søre Sunnmøre var ikkje berre entreprenørar, dei var også gode sparringspartnarar i vala som skulle takast. Deira kunnskap og seriøse tilnærming gjorde at alle våre spørsmål vart løyst på ein god måte, fortel Carl Magnus.

Soverom med grønne vegger og lyst gulv

Eit soverom som inviterer til ro og avslapping.

Verdifulle råd til deg som skal byggje nytt hus

Til slutt har vi spurt Carl Magnus om hans beste råd til andre som skal byggje hus. Han delar følgande tips:

– Eg vil understreke viktigheita av å tenkje gjennom alle aspekt før ein startar byggjeprosessen. Det kan også vere lurt å etablere ein tidsplan for avgjerder saman med bustadforhandlaren. Gjennom ein tydeleg plan og eit tett samarbeid, sikrar du ein jamn og vellukka byggjeprosess, understrekar Carl Magnus.

– Vi kunne ikkje vore meir nøgde med samarbeidet og den støtta vi fekk frå Blink Hus Søre Sunnmøre, avsluttar Carl Magnus.

Blink Hus Søre Sunnmøre leverer ditt draumehus

Blink Hus Søre Sunnmøre takkar Carl Magnus og familien for positive tilbakemeldingar og eit godt samarbeid!

Vår hovudmålsetting er å levere på best mogleg vis, samtidig som vi tek omsyn til ditt budsjett og oppfyller dine ønskjer. Vi er stolte av våre dyktige tilsette som verkeleg kjenner faget sitt. Saman med lokale samarbeidspartnarar, er vi klare for å gje deg gode råd og prisestimat for din husdraum.

Last ned vår nye huskatalog

To lenestoler ved vinduet

Ein god krok å samlast i.

Ønskjer du å høyre meir om moglegheitene? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale:

Terje Giskeødegård Balsnes, dagleg leiar i Blink Hus Søre Sunnmøre
Tlf: 942 62 699
E-post: terje@hadarhus.no