NY 4 og 6 - Mannsbustad på Moster ved Espelandsjøen
Espelandsjøen 5443 MosterhamnEnheter
Bruksareal (BRA)
Pris
Boligtype
Eierform
Om prosjektet
Ei enklare framtid i Espelandsjøen – Moderne heim for alle livsfasar!
Her bor du i eit moderne bygg med vedlikehaldsvennlege materialval, noko som betyr minimalt med arbeid og meir tid til det du likar best.
Her bur dykk i eit etablert og barnevennleg område, med kort vei til skole, barnehage og fine turområder.
- Moster barneskole: ca. 5 min gåavstandl
- Nærmaste barnehage: ca. 5 min gåavstand
- Nærmaste daglegvarebutikk: ca 5 min med bil
- Fine turområder rett i nærheten
Enten du er ein liten familie som treng trygg veg til skule og fritidsaktivitetar, eller du er senior og ønskjer å byta ut einebustaden med noko meir lettstelt og føreseieleg, er dette ein gyllen sjanse. Med kort veg til Mostre sentrum, ligg alt til rette for ein komfortabel kvardag i trygge og rolege omgjevnader!
Espelandsjøen 4- og 6- Mannsbustader er eit nytt og spanande bustadtun og kjem heilt i starten av feltet. Dette gir enkel tilkomst og kort veg til alt du treng.
Området byr på kvalitetar som gjer kvardagen enkel:
- Leik og moro: I feltet er det ferdig opparbeida leikeplasser.
- Gåavstand til alt: Det er trygg og kort veg til både barnehage, skule og fritidsaktivitetar.
- Sentrumsnært: Berre ca. 5 minutt køyring (eller ein fin spasertur) til Moster sentrum.
- Ut på tur: Flotte turløyper startar rett utanfor døra di.
Kjøp nytt frå Steinsbø Hus – Din tryggleik som kjøpar
Å velja ein heilt ny bustad frå Steinsbø Hus gir deg ei rekkje økonomiske og praktiske fordelar. Her slepp du bodrundar og uventa kostnader, og du flyttar inn i ein heim som er bygd for framtida.
Enheter til salgs i NY 4 og 6 - Mannsbustad på Moster ved Espelandsjøen
Om nabolaget
Espelandsjøen på Moster ligg i eit roleg og naturskjønt område, prega av nærleik til både sjø og skog. Nabolaget her er typisk vestnorsk, med spreidd busetnad, små gardar og einebustader som ligg fint til i terrenget. Området er kjent for stille omgjevnader, gode turområde og eit trygt lokalmiljø der folk gjerne kjenner kvarandre.
Espelandsjøen er eit samlingspunkt for friluftsliv, med moglegheiter for fiske, bading og rolege turar langs vatnet. Samstundes er det kort veg til butikkar, skule og kulturtilbod. Dette gjer nabolaget attraktivt for både barnefamiliar og dei som ønskjer eit rolegare liv tett på naturen.
Som kjøpar hos oss får du:
- Fast pris: Ingen stressande bodrundar – prisen er sett på førehand.
- Gunstig finansiering: Moglegheit for finansiering gjennom Husbanken, som ofte gir marknadens beste lånevilkår.
- Låge driftsutgifter: Ein moderne og energieffektiv bustad som held på varmen og sparar deg for straumutgifter.
- Full tryggleik: 1 års garanti med eiga synfaring frå byggeleiar, samt 5 års reklamasjonsrett.
- Set ditt eige preg: Er du tidleg ute, har du stor moglegheit til å påverka interiøret og materialvala inne, slik at bustaden blir akkurat slik du drøymer om.
Kontakt oss








