Stavlandskleivane 4- Mannsbustad
Stavandskleivane 5430 BremnesEnheter
Bruksareal (BRA)
Pris
Boligtype
Eierform
Om prosjektet
Ei enklare framtid i Stavlandskleivane – Moderne heim for alle livsfasar!
No har me for sal den første av tre firemannsbustadar. Her bur du i eit moderne bygg med vedlikehaldsvennlege materialval, noko som betyr minimalt med arbeid og meir tid til det du likar best. Enten du er ein liten familie som treng trygg veg til skule og fritidsaktivitetar, eller du er senior og ønskjer å byta ut einebustaden med noko meir lettstelt og føreseieleg, er dette ein gyllen sjanse. Med kort veg til Svortland sentrum ligg alt til rette for ein komfortabel kvardag i trygge og rolege omgjevnader!
Stavlandskleivane er eit nytt og spanande bustadfelt og firemannsbustadane kjem heilt i starten av feltet. Dette gir enkel tilkomst og kort veg til alt du treng.
Området byr på kvalitetar som gjer kvardagen enkel:
- Leik og moro: I feltet er det tre ferdig opparbeida leikeplasser.
- Gåavstand til alt: Her kan du la bilen stå! Det er trygg og kort veg til både barnehage, skule og fritidsaktivitetar.
- Sentrumsnært: Berre ca. 4 minutt køyring (eller ein fin spasertur) til Svortland sentrum.
- Ut på tur: Flotte turløyper startar rett utanfor døra di.
Kjøp nytt frå Steinsbø Hus – Din tryggleik som kjøpar
Å velja ein heilt ny bustad frå Steinsbø Hus gir deg ei rekkje økonomiske og praktiske fordelar. Her slepp du bodrundar og uventa kostnader, og du flyttar inn i ein heim som er bygd for framtida.
Om nabolaget
Som kjøpar hos oss får du:
- Fast pris: Ingen stressande bodrundar – prisen er sett på førehand.
- Gunstig finansiering: Moglegheit for finansiering gjennom Husbanken, som ofte gir marknadens beste lånevilkår.
- Låge driftsutgifter: Ein moderne og energieffektiv bustad som held på varmen og sparar deg for straumutgifter.
- Full tryggleik: 1 års garanti med eiga synfaring frå byggeleiar, samt 5 års reklamasjonsrett.
- Set ditt eige preg: Er du tidleg ute, har du stor moglegheit til å påverka interiøret og materialvala inne, slik at bustaden blir akkurat slik du drøymer om.
Kontakt oss








