Stavlandskleivane 4- Mannsbustad
Stavandskleivane 5430 BremnesEnheter
Bruksareal (BRA)
Pris
Boligtype
Eierform
Om prosjektet
Ei enklare framtid i Stavlandskleivane – Moderne heim for alle livsfasar!
No har me for sal den første av tre firemannsbustadar. Her bur du i eit moderne bygg med vedlikehaldsvennlege materialval, noko som betyr minimalt med arbeid og meir tid til det du likar best.
Her bur dykk i eit etablert og barnevennleg område, med kort vei til skole, barnehage og fine turområder.
- Meling barneskole: ca. 3 min med bil
- Nærmaste barnehage: ca. 2 min med bil
- Nærmaste daglegvarebutikk: ca 7 min gåavstand
- Fine turområder rett i nærheten
Enten du er ein liten familie som treng trygg veg til skule og fritidsaktivitetar, eller du er senior og ønskjer å byta ut einebustaden med noko meir lettstelt og føreseieleg, er dette ein gyllen sjanse. Med kort veg til Svortland sentrum ligg alt til rette for ein komfortabel kvardag i trygge og rolege omgjevnader!
Stavlandskleivane er eit nytt og spanande bustadfelt og firemannsbustadane kjem heilt i starten av feltet. Dette gir enkel tilkomst og kort veg til alt du treng.
Området byr på kvalitetar som gjer kvardagen enkel:
- Leik og moro: I feltet er det tre ferdig opparbeida leikeplasser.
- Gåavstand til alt: Her kan du la bilen stå! Det er trygg og kort veg til både barnehage, skule og fritidsaktivitetar.
- Sentrumsnært: Berre ca. 4 minutt køyring (eller ein fin spasertur) til Svortland sentrum.
- Ut på tur: Flotte turløyper startar rett utanfor døra di.
Kjøp nytt frå Steinsbø Hus – Din tryggleik som kjøpar
Å velja ein heilt ny bustad frå Steinsbø Hus gir deg ei rekkje økonomiske og praktiske fordelar. Her slepp du bodrundar og uventa kostnader, og du flyttar inn i ein heim som er bygd for framtida.
Om nabolaget
Som kjøpar hos oss får du:
- Fast pris: Ingen stressande bodrundar – prisen er sett på førehand.
- Gunstig finansiering: Moglegheit for finansiering gjennom Husbanken, som ofte gir marknadens beste lånevilkår.
- Låge driftsutgifter: Ein moderne og energieffektiv bustad som held på varmen og sparar deg for straumutgifter.
- Full tryggleik: 1 års garanti med eiga synfaring frå byggeleiar, samt 5 års reklamasjonsrett.
- Set ditt eige preg: Er du tidleg ute, har du stor moglegheit til å påverka interiøret og materialvala inne, slik at bustaden blir akkurat slik du drøymer om.
Kontakt oss








