Om prosjektet
Stavlandskleivane - Ein god stad å veksa opp, og ein god stad å bli gammal
Stavlandskleivane er eit nytt bustadfelt med 32 einebustadtomter, tre leikeplassar og to felles parkeringsplassar.
Tomtene er frå 631 - 1172 m², og prisa frå 899 000,- 1 909 000,-, kr. Tomtene er byggjeklare.
Flott utsikt og gode solforhold
Feltet vender mot sørvest og har svært gode solforhold.
Her kan du nyte sola store delar av dagen og lange sommarkveldar på terrassen.
Takka vere høgdeforskjellane får dei fleste tomtene flott utsikt. Du kan sjå mellom anna Ulvsvatnet, Straumfjorden, Storavatnet og Siggjo. Utsikta varierer noko frå tomt til tomt.
Kort veg til alt du treng
Du har turområde like ved, og kort veg til sjø, badeplass, butikkar, skule og barnehage.
Gang- og sykkelveg heilt fram til skular og sentrum gjer kvardagen trygg for både store og små.
Me byggjer huset som passar deg og tomta
Anten du har klare tankar om korleis huset skal sjå ut, eller berre ein idé, teiknar og byggjer me eit hus tilpassa deg og tomta du vel.
Du får vite totalkostnaden før du skriv under, og du får ein framdriftsplan du kan stole på.
Du ser tydeleg kva som er med og kva du kan velje i tillegg, og du har same kontaktperson gjennom heile prosessen.
Huset blir bygd av våre eigne lokale tømrarar.
Ta kontakt
Finn inspirasjon i huskatalogen vår her https://www.blink-hus.no/hus, eller ta med eigne idear og skisser.
Ta kontakt med oss om du vil kjøpe eller reservere ei tomt, ha ein uforpliktande prat eller ynskjer omvising i feltet.