Hopp til hovedinnhold

God kundeservice gjorde Blink Hus Stryn til eit trygt val

Løftet frå oss til kunden er å gjere det enklare å realisere bustaddraumen. Les Anitas erfaring då vi bygde hennar draumehus på ei fantastisk utsiktstomt i Olden

Vi kan skilte med svært nøgde kundar i 2022, med ei topp 5 plassering i Prognosesenterets årlege undersøking på kundetilfredsheit for EAT-marknaden. Løftet frå oss til kunden er å gjere det enklare å realisere bustaddraumen. Les Anitas erfaring då vi bygde hennar draumehus på ei fantastisk utsiktstomt i Olden.

Nyleg topp 5 plassering på kundetilfredsheit

Den årlege målinga frå Prognosesenteret undersøker kor tilfreds kundane er blant alle bustadforhandlarane i einebustad-annan-tomt-markanden Noreg. I årets måling kan vi skilte med ei topp fem plassering! Svarfrekvensen på 75 % gav oss ein score på 88 av 100 poeng.

Blink Hus Stryn og Måløy
«Avtalar skal haldast og ærlegdom er viktig for god kommunikasjon. Det kan det aldri bli for mykje av! Ein god bustadforhandlar må forstå kundens behov. Difor prioriterer vi å setje av nok tid til personlege møter for å finne løysingar og ta dei riktige vala.»

– Endre Håberg, dagleg leiar i Blink Hus Stryn

Frå huskatalog til draumeheim - Anitas reise med Blink Hus Stryn

Å bygge hus handlar ikkje berre om salsprosessen, men om heile opplevinga. Vi tek tilbakemeldingane frå kundane våre på alvor og jobbar kontinuerleg med dette i ein stadig aukande kundebase.

Vi har difor teke turen til Anita og hennar to døtrer i vakre Olden. Vi har spurt henne korleis ho opplevde prosessen frå bestilling av huskatalog til innflytting i den nye heimen.

– Blink Hus Stryn forstod mine behov og ønsker og var ivrige etter å hjelpe. Dei tilpassa husmodellen eg ville ha og ga meg moglegheit til å gjere tilpassingar innanfor budsjettet. Deira eineståande kundeservice og profesjonelle team gjorde det enkelt å velje dei til å realisere bustaddraumen, seier Anita.

Velkommen inn

Kundens behov i fokus frå byggesøknad til innflytting

Vi veit at byggeprosessen kan vere overveldande for mange. Difor er det viktig for oss å gi god oppfølging og rettleiing undervegs. Vårt mål er å gjere det til eit trygt og komfortabelt val å bygge med oss. Vi er difor svært glade for å høyre at Anita deler dette perspektivet:

– Eg stod aleine om alle vala som skulle takast og hadde ikkje erfaring med husbygging. Det var godt å ha Blink Hus Stryn som rettleia meg godt gjennom alle val – både med tanke på kvalitet og kostnad, poengterer Anita.
Koselig stue med store vinduer for godt med lysinnslipp

– Det var viktig for meg å ha ein totalentreprenør som ordna alt frå byggesøknad og byggeløyve til å koordinere alle handverkarane. Dei lytta samstundes til mine ønsker og kom med gode forslag til korleis det kunne gjerast. Vi hadde fleire møter saman undervegs, og dei har vore tilgjengeleg og heldt ein ryddig prosess. Ikkje minst er dei alltid smilande og blide, fortel Anita.

Nydelig utsikt fra dette huset som er bygget av Blink Hus

Faste lokale leverandørar

Ein viktig faktor for oss er å bidra til eit berekraftig lokalsamfunn. Difor er det grunnleggjande å samarbeide med lokale leverandørar. Vi held alltid ein tett dialog, og får bevist gong på gong at dei leverer den kvaliteten som er forventa på sine produkt og tenester. Dette er heilt i tråd med kjeda sitt fokus på «lokal kvalitet». Ein av kollegaene her gjekk så langt som å seie at leverandørane våre er dei viktigaste vi har!

En god peis for mørke kvelder

Ein god peis for mørke kveldar.

– Det er godt å vite at Blink Hus Stryn samarbeider med lokale leverandørar. Det gjorde at eg kunne stole på at alle involverte hadde god kjennskap til lokale forhold og byggeregler. Samstundes er det fint å vite at dei støttar det lokale næringslivet, fortel Anita.

God plass til spisestue i huset fra Blink HusHuset er bygget av Blink Hus

Vi gjer kvar heim unik

Vi har alltid hatt som mål å skape skreddarsydde bustadar som er tilpassa kvar enkelt kunde. Vår viktigaste verdi er å lytte til dine ønsker og behov, og deretter gi gode løysingar og forslag for å oppfylle dei. Vi var difor nysgjerrige på kva Anita likar aller best med den nye bustaden sin:

– Det må vere gode, praktiske romløysingar og at alt er på éi flate - her er det tilrettelagt for eit langt og godt liv. Eg elskar òg dei store vindauga i stua og kjøkkenet som gir fantastisk utsikt og mykje lys. Ikkje minst er eg veldig nøgd med det store badet, eigen inngang til vaskerommet og jentenes eiga opphaldsstue som også kan fungere som gjesterom, avsluttar Anita.

Romslig stue med plass til en stor og deilig sofa

Få all hjelp du treng frå éin og same stad

Vi har tradisjonar heilt tilbake til 1922 og feira våre første 100 år i 2022. Blink Hus Stryn og Måløy er ein del av eit større konsern som har både XL-byggevarehus og eige eigedomsselskap. Samla årleg omsetning for konsernet er kring 100 millionar.

Vi har mykje kompetanse i "eige hus" – frå seljarar til byggeleiarar med ingeniørkompetanse og fagbrev. Våra eige byggevarehus stiller òg med ekspertise på maling, flis, kjøkken, garderobe og interiør generelt.

Dersom vi treng spesialtilpassa løysingar, har vi til og med eigen snikkarverkstad. Ikkje minst har vi fantastisk arbeidsstokk som alltid utfører jobben med godt humør. Med alt dette kan du som kunde forvente å få all hjelp på ein og same stad: frå planlegging og søknadar til materialval og innreiingsløysingar. For å toppe det heile har vi Blink Hus-kjeda alltid i ryggen, med fleksible husmodellar som kan tilpassast akkurat dine behov og ønsker.

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale!

Vi i Blink Hus Stryn og Måløy takkar Anita og våre andre kundar for positive tilbakemeldingar. Det er ein ære for oss å vere med på dykkar husbyggingsreise! Ønsker du å høyre meir om moglegheitene er det berre å ta kontakt for ein uforpliktande samtale!