Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Arkitektteikna einebustad på heile 183 kvm, nær sentrum i etablert bustadområde

Blomvegen 14 5700 Voss
Pris fra
8 945 000 kr
Kai Arne Hårklau
Salgsansvarleg
Prosjektet bygges av

Blink Hus Voss Byggsenter

Voss Byggsenter har ei historie som strekkjer seg over 30 år med dedikasjon til bygging og sal av bustader og hytter i og rundt Voss. Denne lange erfaringa gir deg som kunde ein kjensle av tryggleik gjennom heile prosessen med å kjøpe eller bygge din draume bustad.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

4

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

183 - 185 m2

Gårdsnr.

193

Bruksnr.

93

Ein bustad som har alt – i eit nabolag som har alt du treng

Prosjektet omfattar 3 einebustader i kjede. Kvar bustad er på heile 183 innhaldsrike kvadratmeter fordelt på 3 komplette plan, med soverom, opphaldsrom og uteplass på kvart plan. Det er fire soverom totalt.

Den fleksible planløysinga opnar for variert bruk og vil tilfredsstilla behovet til heile familien. Her er det mange opphaldsrom for variert bruk, store felles opphaldsrom kor familien samlast og meir private soner kor ein kan trekkje seg tilbake for ulike aktivitetar.

Lyst og luftig med dobbel takhøgde

Andre etasje er på mange måtar hovudplanet i bustaden, med spisestove, stove og kjøkken i open løysing og direkte tilkomst til den største terrassen. Skråtak og opning mot 3. etasje gir dobbel takhøgde i delar av stova, ei fantastisk romkjensle og gjennomgåande lys.

Smykket i huset er det lyse trapperommet som bind etasjane saman og gjer huset ope og luftig.

Gode uteplassar på alle sider av huset

Uteplassane har fått høg prioritet, med eigne, private uteplassar på framside og bakside av huset. Dei er knyta tett saman med romma innanfor i kvar etasje, for enkel bruk gjennom dagen.

Mellom den skjerma forhagen og fleksrommet i første etasje kan ungane leike fritt. På andre plan fungerer den store terrassen som ei forlenging av den opne stoveløysinga og bidreg til ei open romkjensle. Frå takterrassen ut frå loftstova kan du nyte kveldssol og utsikt over fjella.

Bilfritt - om du vil

På bakkeplan framfor huset finn du forhagen og ein praktisk carport, men i Blomvegen er det godt tilrettelagt for den som ønskjer å bu og leva bilfritt. Du bur i eit etablert bustadområde med gode gangforbindelsar og rolege gater, tilpassa mjuke trafikantar.

Det er gangavstand til alle viktige funksjonar som nærbutikk, skule og idrettsanlegg, og sentrum ligg i berre nokre minuttars gange unna. Du kan til og med gå til gondolbana om vinteren, så er du i alpinanlegget.

Opplev gleda ved å kjøpe ny bustad

Gjer tilval – gjer bustaden meir din!
Når du kjøper nybygg, er dei viktigaste vala for sjølve bustaden allereie tekne av fagfolk. Men du kan gjere ei rekkje andre tilval som gjer bustaden meir din.

Andre fordelar med å kjøpe nytt:

  • Å flytte inn i ein bustad kor ingen har budd i før er heilt spesielt, og du slepp dyrt vedlikehald.
  • Du får ein energieffektiv bustad med ny og moderne standard.
  • Du får fem års reklamasjonsrett, slik at feil og manglar blir retta opp utan kostnad i denne perioden.
  • Du treng ikkje delta i ein bodrunde som pressar prisen opp.

Om Blink Hus Voss Byggsenter

Lokal kvalitet
Me held til på Voss og byggjer heimar for folk me kjenner, i eit lokalsamfunn me sjølv er ein del av. Det forpliktar.

Me har lang erfaring i byggebransjen, og me spesialiserer oss på solide, funksjonelle og beærekraftige bustader – alltid skreddarsydd etter kunden sine behov. Med vår lokalkunnskap og nærleik til kundane skapar me løysingar som varer, både praktisk og personleg.

Me samarbeider med pålitelege, lokale leverandørar og brukar materialar av høg kvalitet. Det sikrar eit sluttresultat me er stolte av – og som står seg i generasjonar.

Voss Byggsenter AS er din lokale partnar for å realisera draumen om ein heim – bygd med omtanke, kvalitet og samkjensle.

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.