3 heilt nye arkitektteikna einebustader i kjede. 183 kvm fordelt på 3 plan. 4 sov. Nært sentrum i etablert bustadområde.
Blomvegen 14 5700 VossNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Gårdsnr.
Bruksnr.
Ein bustad som har alt – i eit nabolag som har alt du treng
Prosjektet omfattar 3 einebustader i kjede. Kvar bustad er på heile 183 innhaldsrike kvadratmeter fordelt på 3 komplette plan, med soverom, opphaldsrom og uteplass på kvart plan. Det er fire soverom totalt.
Den fleksible planløysinga opnar for variert bruk og vil tilfredsstilla behovet til heile familien. Her er det mange opphaldsrom for variert bruk, store felles opphaldsrom kor familien samlast og meir private soner kor ein kan trekkje seg tilbake for ulike aktivitetar.
Lyst og luftig med dobbel takhøgde i stova
Andre etasje er på mange måtar hovudplanet i bustaden, med spisestove, stove og kjøkken i open løysing og direkte tilkomst til den største terrassen. Skråtak og opning mot 3. etasje gir dobbel takhøgde i delar av stova, ei fantastisk romkjensle og gjennomgåande lys.
Smykket i huset er det lyse trapperommet som bind etasjane saman og gjer huset ope og luftig.
Gode uteplassar på alle sider av huset
Uteplassane har fått høg prioritet, med eigne, private uteplassar på framside og bakside av huset. Dei er knyta tett saman med romma innanfor for enkel bruk gjennom dagen. Den store terrassen på andre plan fungerer som ei forlenging av den opne stoveløysinga og bidreg til den opne romkjensla.
Bilfritt - om du vil
På bakkeplan framfor huset finn du forhagen og ein praktisk carport, men i Blomvegen er det godt tilrettelagt for den som ønskjer å bu og leva bilfritt. Du bur i eit etablert bustadområde med gode gangforbindelsar og rolege gater, tilpassa mjuke trafikantar.
Det er gangavstand til alle viktige funksjonar som nærbutikk, skule og idrettsanlegg, og sentrum ligg i berre nokre minuttars gange unna. Du kan til og med gå til gondolbana om vinteren, så er du i alpinanlegget.
Opplev gleda ved å kjøpe ny bustad
Gjer tilval – gjer bustaden meir din!
Når du kjøper nybygg, er dei viktigaste vala for sjølve bustaden allereie tekne av fagfolk. Men du kan gjere ei rekkje andre tilval som gjer bustaden meir din.
Andre fordelar med å kjøpe nytt:
- Å flytte inn i ein bustad kor ingen har budd i før er heilt spesielt, og du slepp dyrt vedlikehald.
- Du får ein energieffektiv bustad med ny og moderne standard.
- Du får fem års reklamasjonsrett, slik at feil og manglar blir retta opp utan kostnad i denne perioden.
- Du treng ikkje delta i ein bodrunde som pressar prisen opp.
Om Blink Hus Voss Byggsenter
Lokal kvalitet
Me held til på Voss og byggjer heimar for folk me kjenner, i eit lokalsamfunn me sjølv er ein del av. Det forpliktar.
Me har lang erfaring i byggebransjen, og me spesialiserer oss på solide, funksjonelle og beærekraftige bustader – alltid skreddarsydd etter kunden sine behov. Med vår lokalkunnskap og nærleik til kundane skapar me løysingar som varer, både praktisk og personleg.
Me samarbeider med pålitelege, lokale leverandørar og brukar materialar av høg kvalitet. Det sikrar eit sluttresultat me er stolte av – og som står seg i generasjonar.
Voss Byggsenter AS er din lokale partnar for å realisera draumen om ein heim – bygd med omtanke, kvalitet og samkjensle.