Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Trygt og familievennleg | 4 soverom | Carport | Ny bustad nær sentrum | Innflyttingsklar i 2026

Pris fra
4 600 000 kr
Terje Giskeødegård Balsnes
Dagleg leiar
Prosjektet bygges av

Blink Hus Søre Sunnmøre

Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

4

Eierform

Selveier

Boligtype

Leilighet

Gårdsnr.

41

Bruksnr.

282

Trygt og familievennleg | 4 soverom | Carport | Ny bustad nær sentrum | Innflyttingsklar i 2026

Velkomen til Brekkane – eit roleg og oversiktleg bustadområde der det er godt å vekse opp.

Her flyttar du inn i eit nabolag med andre familiar, lite trafikk og trygge omgjevnader. Bustadane er kjeda einebustadar over to plan, med gode løysingar for ein aktiv kvardag.

Dette er bustadar for deg som ønskjer meir plass, men samstundes vil bu sentralt og enkelt.

Perfekt for familiar og førstegongsetablerarar

På Brekkane får du det mange leitar etter – men som kan vere vanskeleg å finne:

  • Rolege gater med lite trafikk
  • Trygge leikeområde i nærleiken
  • Oversiktlege uteområde
  • Eit nabolag med familiar i same livsfase
  • Her kan barna leike fritt – og du kan kjenne deg trygg.

Dette får du

Opptil 4 soverom – plass til heile familien

  • To etasjar med gode soner for både ro og aktivitet
  • Opa stove- og kjøkenløysing
  • Eigen carport og parkering
  • Moglegheit for tilval og tilpassing
  • Ny bustad med lite vedlikehald



Smart og fleksibel planløysing

Første etasje

  • Vindfang og gang med gode oppbevaringsmoglegheiter
  • Bad/vaskerom
  • Fleksibelt rom (soverom, kjellarstove eller kontor)


Andre etasje

  • Lys stove og kjøken i open løysing
  • Plass til både spisebord og sosial sone
  • Master soverom med garderobe
  • Ekstra toalett


Du kan tilpasse bustaden etter dine behov i ein tidleg fase.

Flyt i kvardagen


Her er det lagt til rette for ein enklare kvardag:

  • Kort veg til barnehage og skule
  • Enkelt å få logistikken til å gå opp
  • God plass til både lekser, leik og besøk
  • Mindre tid på oppussing – meir tid saman



Sentralt på Hareid | Sentralt på Søre Sunnmøre

Du bur midt i smørauget:

  • Gåavstand til sentrum
  • Nær butikkar og servicetilbod
  • Kort veg til idrett og fritid
  • Gode pendlarmoglegheiter til Ålesund og regionen

Kvifor velje ny bustad?

  • Inga bodrunde
  • Alt er nytt – ingen oppussing
  • Låg dokumentavgift
  • Energieffektiv bustad gir lågare kostnader
  • 5 års reklamasjonsrett

Framdrift


MELD INTERESSE – VER TIDLEG UTE

Vi har allereie selt bustaden i midten, og dei to andre er klare for innreiing.

Meld interesse no for å:

  • Få meir informasjon og planteikningar
  • Sikre deg gode tilval
  • Få moglegheit til å velje plassering


Ta kontakt for ein uforpliktande prat – vi hjelper deg gjerne vidare.

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.