Blink Hus Søre Sunnmøre
Vi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenVi har over 70 års erfaring med å bygge hus på verharde Sunnmøre, og ynskjer gjerne å dele av denne erfaringa med deg som skal bygge hus her i regionen.
Gå til forhandlersidenBustadkupp på Brekkane! 107 m² for berre kr 2 990 000 – innrei etter eige ønskje!
Vi tilbyr no ein ny og romsleg bustad på Brekkane i Hareid til ein svært attraktiv pris. Her får du heile 107 m² over to etasjar, der berre innreiingsarbeidet står att.
Bustaden er ein del av eit rekkehus med tre bueiningar, der den eine allereie er ferdigstilt og selt.
No ønskjer vi å gi ein ny kjøpar moglegheita til å overta ein bustad der det meste av byggearbeidet er gjort, men der ein framleis kan setje sitt eige preg på innreiinga.
Prisen er berre kr 2 990 000 ved overtaking av uinnreidd bustad!
Dette kan vere ei svært god moglegheit for deg som ønskjer ein ny bustad, og som har lyst og evne til å gjennomføre delar av innreiingsarbeidet sjølv.
Enten du er førstegangskjøpar, treng meir plass til familien eller ønskjer å flytte frå einebustad til noko nytt og meir lettstelt, kan dette vere eit godt alternativ.
Bustaden har ei praktisk og fleksibel planløysing over to etasjar, med moglegheit for:
Opptil 4 soverom – plass til heile familien
Det meste av byggearbeidet utandørs er utført. Bustaden blir seld slik han står, og det er berre innreiingsarbeidet som står att.
Dette gir deg moglegheit til å velje material, fargar, kjøken, bad og andre innreiingsløysingar etter eigen smak og eige budsjett.
Har du erfaring med bygg eller oppussing, eller tilgang på gode hjelparar, kan du redusere den totale kostnaden gjennom eigeninnsats.
Du står også fritt til å engasjere oss eller andre fagfolk til heile eller delar av innreiingsarbeidet. Rørleggar og elektrikar er i utgangspunktet låst i løyve om igangsetting, men vi er opne for dialog om dette.
Alt arbeid og eventuelle endringar må utførast i samsvar med gjeldande lovverk, tekniske krav og nødvendige godkjenningar.
For den rette kjøparen kan dette vere ein svært gunstig måte å skaffe seg ein ny bustad på, samtidig som ein får høve til å påverke sluttresultatet.
Bustaden ligg på Brekkane, eit etablert og triveleg bustadområde med kort avstand til Hareid sentrum.
Her har du skule, barnehage, butikkar, idrettsanlegg og andre servicetilbod i nærleiken.
Området passar godt for både unge og eldre, og gir gode rammer for ein praktisk og triveleg kvardag.
Her er det lagt til rette for ein enklare kvardag:
Sentralt på Hareid | Sentralt på Søre Sunnmøre
Du bur midt i smørauget:
Vi meiner dette er ei svært god moglegheit for deg som ønskjer mykje bustad for pengane og her får du eit godt utgangspunkt for å skape ein ny heim etter eigne ønskje.
Prisen gjeld bustaden i noverande, uinnreidd tilstand. Kjøpar har ansvar for ferdigstillinga, og kostnader til attståande arbeid og material kjem i tillegg til kjøpesummen.
Ei av dei tre bueiningane i prosjektet er allereie ferdigstilt og selt, den siste er planlagt selt nøkkelferdig.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller for å avtale vising. Vi viser deg gjerne bustaden og går gjennom kva som er utført, kva som står att, og kva moglegheiter du har.
Velkomen til Brekkane!
Rekkjehuset er ein del av eit nytt klyngetun på Brekkane, der det totalt er planlagt 13 bueiningar. I området elles er det planlagt både rekkjehus og einebustadar, noko som vil gi eit variert bustadtilbod.
Vi ønskjer å skape eit triveleg og inkluderande bumiljø, med ei god blanding av menneske i ulike aldrar og livsfasar. Her skal det vere plass til både førstegangskjøparar, barnefamiliar og dei som ønskjer ein enklare og meir lettstelt bustad.
Vi har tru på at gode nabolag blir skapte av menneska som bur der. Med ulike bustadtypar og eit variert bumiljø ønskjer vi å leggje til rette for eit område der både unge og eldre kan trivast.
Målet vårt er å skape ein triveleg plass å bu – for alle!

Teigane 18Hareid

HareidsvegenHareid

Myrvågtoppen 77Gurskøy