Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Moderne bustader med carport - midt i Sveio sentrum

Steinhaugmarka 5550 Sveio
Pris fra
4 650 000 kr
Bjørn Storebø
Seljar
Prosjektet bygges av

Valvatne Bygg AS

Me har gjennom seks generasjonar og 125 år med erfaring sett opp tallause heimar og næringsbygg. Mange år med omstillingar og endringar har gjort oss gode på tilpassingar. Me har vore her lenge, og vil vera her lenge – ikkje fordi me er gamle, men fordi me er gode på å tilpassa oss.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

86 m2

Gårdsnr.

40

Bruksnr.

713

Valvatne Bygg AS presenterer 3 moderne einebustader i rekke – midt i populære Steinhaugmarka i Sveio!

No har du sjansen til å sikre deg ein lettstelt bustad på eitt plan i det attraktive bustadfeltet Steinhaugmarka! Her bur du i eit nytt og flott opparbeidd område, med umiddelbar nærleik til både butikk og friområde.

Moderne og funksjonell planløysing
Bustadane er gjennomtenkt utforma med open stove- og kjøkkenløysing, to soverom, hovudbad, gjestetoalett, praktisk vaskerom og integrert carport med sportsbod.
I tillegg får du ein romsleg terrasse med pergola – perfekt for lange sommarkveldar. Pergolaen kan eventuelt glasast inn om du ynskjer å skape ei lun utestove.

Attraktiv beliggenheit
Bustadane ligg ved innkøyringa til feltet, der du allereie finn moderne og tidsriktige bustader. Med sørvendt plassering kan du nyte svært gode solforhold.

Storleik og uttrykk
Kvar bustad er på ca. 86 m² BRA (inkl. sportsbod på 5,3 m²), medan carporten utgjer ca. 20 m².
Arkitekturen er moderne og stilrein, og bustadane vert leverte med god standard – sjå prospekt og leveransebeskriving for detaljar.

Kvalitet i detaljane
Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert i merket Sigdal, frå Stord Kjøkkensenter. Komplett kjøkken med kvitevarer er inkludert i leveransen.

Moglegheiter for tilpassing
Som kjøpar får du moglegheit til å setje ditt personlege preg på bustaden. Du kan mellom anna velje parkett og endre peisomn, fargar og frontar på kjøkkeninnreiinga, eller oppgradere bad og garderobar.
Her får du ein moderne, arealeffektiv og lettstelt bustad – i eit bustadfelt som legg til rette for både kvardagsliv og trivsel.

For meir informasjon, sjå prosjektet si nettside og prospekt.

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale!

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.