Beskrivelse
Velkomen til Vestlio!
Ny bustad før sumaren? Kun 2 igjen!
Vestlio er eit nytt bustadområde på Tyse, med gangavstand til næraste daglegvarebutikk Spar Haga, Hystad barneskule og Nordbygdo ungdomsskule.
Bustadområdet består av fleire rekkehus og leilegheiter, og me har no flotte bustader til sal i begge kategoriar!
Rekkehusa ligg i starten av vegen, og her får du ein bustad på to etasjar, flott utsikt, integrert carport i bustaden, tre soverom og to bad.
Alle bustadene har gode solforhold, utsikt mot Stordfjella, sentral plassering og låge bukostnader!
Området byr på mange fritidstilbod, mellom anna Prestegardskogen Idrettsanlegg, Stord Hestesportsenter og Stord Golfklubb med sitt flotte anlegg. Du finn også flotte turmoglegheiter i nærområdet, i Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet.
Leirvik sentrum ligg ca. 4 km frå bustaden. Servicetilbodet på Leirvik er stort, og her finn du blant anna Amfi-senteret med over 35 butikkar, samt eit levande sentrum med fleire frittliggande butikkar. Her finn du også Stord kulturhus, som er samlingspunktet for kulturlivet på Stord med framsyningar, konsertar og kulturskule. I tillegg finn du tilbod som bibliotek, symjing, kino, skatepark, petanque-bane m.m.
Dette får du:
• Låge omkostnader
• Flott utsikt og gode solforhold
• To etasjar med god og gjennomtenkt planløysing
• Open stove/ kjøkkenløysing
• Sentral plassering
• Kvitevarer inkludert
• Vassboren varme i entré, stove, kjøkken, bad og toalettrom
• Burettslag med fellesgjeld