Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Kårevik - Ny seksmannsbustad med lave bukostnader

Kårevikvegen 5412 Stord
Pris fra
1 197 000 kr
Anders Titland
Seljar
Prosjektet bygges av

Valvatne Bygg AS

Me har gjennom seks generasjonar og 125 år med erfaring sett opp tallause heimar og næringsbygg. Mange år med omstillingar og endringar har gjort oss gode på tilpassingar. Me har vore her lenge, og vil vera her lenge – ikkje fordi me er gamle, men fordi me er gode på å tilpassa oss.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

2 - 3

Eierform

Andel

Primærrom

73 - 92 m2

Beskrivelse

Bu sentralt i Kårevik

No legg me ut neste byggetrinn i Kårevik Vest – ein moderne og tiltalande seksmannsbustad med gode kvalitetar og gjennomtenkte løysingar. Leiliegheitene er organiserte som eit burettslag, noko som gir deg føreseielege kostnader, felles vedlikehald og ein trygg økonomisk struktur.

Leiligheitene har effektiv planløysing med open stove- og kjøkkenløysing, som gir lyse og trivelege opphaldsrom. Kvar leilighet får utvendig sportsbod, og det er moglegheit for carport. Bygget har eit moderne og stilreint uttrykk som passar godt inn i området.

Leiliegheitene har to eller tre soverom, og nokre av dei har ekstra gjestetoalett i tillegg til eit romsleg bad. BRA frå 78,7 til 97,9 m²

Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert av Stord Kjøkkensenter, med løysingar frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Komplett sett med kvitevarer er inkludert.
Leiligheitene i første etasje får vannboren varme, medan leiligheitene i andre etasje vert levert med vedomn. Det vert også lagt varmekablar på hovudbad og i bod/teknisk rom.

Dette er ein lettstelt og moderne bustad med gode kvalitetar, perfekt for deg som ønskjer ei ny og praktisk leiligheit i attraktive Kårevik.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat, og sjå prosjektet si heimeside for meir informasjon.

Kårevik Vest

Kårevik Vest er eit nytt og spanande bustadområde i populære og naturskjønne Kårevik. Det vert eit felt med både romslege einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader – perfekt for alt frå barnefamiliar og førstegangskjøparar til dei som ynskjer seg ein lettstelt bustad.

Kårevik kombinerer det beste frå to verdener – ei sentral og praktisk plassering, samstundes som du får nyte den landlege roen. Dette vert eit nabolag med plass til trivsel, kvardagsliv og framtidsplanar, med bustader tilpassa ulike behov og budsjett.

Valvatne Bygg har no starta grunnarbeidet i området. Etter kvart vil feltet gi rom for einebustadtomter i den øvste delen, fire bustader i rekke (alle selde), samt moderne fire- og seksmannsbustader organiserte som burettslag. På sikt er det òg planlagt eit leilegheitsbygg på austsida av området.

Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.

Einebustadtomtene ligg vakkert plassert på toppen av haugen, dei vert levert ferdig planert og har byggjeklausul – noko som gir deg moglegheit til å setje ditt eige preg på bustaden.

Fleirmannsbustadene vert moderne, praktiske og lettstelte, og dei blir tilbydde i ulike storleikar som passar for alt frå fyrstegongskjøparar til einslege, par og familiar.

Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, sjølveigar og burettslag, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. Du kan no sikre deg din plass i dette nye nabolaget!

Kårevik Utvikling er eit samarbeidsprosjekt mellom Valvatne Bygg og Ingeniør Jørgensen. I 2021 kjøpte dei tomteområdet i Kårevik, og sidan har dei samarbeidd om å utvikle og prosjektere det til eit nytt bustadområde.
Valvatne Bygg har ansvar for sal og oppføring av einebustadtomtene og fleirmannsbustadene, medan Ingeniør Jørgensen står for utvikling og bygging av leileghetsbygget som skal plasserast på austsida av området.

Målet med prosjektet er å skape eit bustadområde som passar for folk i alle aldrar – med ulike behov, ynskjer og budsjett.

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.