Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Ny vestvendt og solrik leiliegheit i Veavågen til salgs!

Rundhagen 20 4276 Veavågen
Pris fra
4 990 000 kr
Bjørn Storebø
Seljar
Prosjektet bygges av

Valvatne Bygg AS

Me har gjennom seks generasjonar og 125 år med erfaring sett opp tallause heimar og næringsbygg. Mange år med omstillingar og endringar har gjort oss gode på tilpassingar. Me har vore her lenge, og vil vera her lenge – ikkje fordi me er gamle, men fordi me er gode på å tilpassa oss.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Selveier

Boligtype

Leilighet

Gårdsnr.

2

Bruksnr.

427

Om bustaden

Her får du ein moderne og lettstelt bustad med ei gjennomtenkt planløysing. Dette er ei splitter ny leilegheit som aldri har vore teken i bruk!

Leilegheita ligg i første etasje i eit moderne leilegheitsbygg frå 2024, og inneheld gang, gjestetoalett, vaskerom/bod med gode oppbevaringsmoglegheiter, to soverom samt ei open stove- og kjøkkenløysing. I tillegg disponerer du ei utvendig bod.

Med store glasflater i stova, sikrar du godt med dagslys, og ein nydeleg utsikt mot vest. Den opne kjøkkenløysinga og kjøkkenøya skapar eit naturleg midtpunkt i rommet, og er ideelt for sosial matlaging.

Frå stova har du utgang til ein stor og delvis overbygd terrasse på 20 m². Her kan du nyte utsikt og kveldssol, og det delvis innglassa uteområdet sikrar utsikt i all slags vestlandsvèr.

Dette er ein perfekt bustad for deg som ynskjer ein ny heim med en kombinasjon av moderne komfort og attraktiv beliggenhet.

Om området

Veavågen er eit levande lokalsamfunn som kombinerer kystidyll, moderne servicetilbod og eit aktivt fritidsliv.

Her finn du alt frå daglegvarebutikkar, kafear og restaurantar til idrettsanlegg og kulturtilbod som Veavågen Kirke og Karmøy fiskerimuseum.

For dei som elskar aktivitetar og friluftsliv, byr Veavågen på:

  • Sport og trening: Fotball, handball, innebandy, squash, klatring og treningssenter i Storhall Karmøy.
  • Turliv og natur: Vakre strender som Åkrasanden, kyststiar og skogsområde perfekte for turar, sykling og naturopplevingar.
  • Vassport og friluftsaktivitetar: Kajakk, SUP, fiske og rolege dagar langs kysten.


Veavågen er ikkje berre ein stad å bu – her kan du trivast, vere aktiv og nyte nærleiken til natur og sjø, samtidig som du har alt du treng av kvardagstilbod like ved.

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på blink-hus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Blink Hus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.