Voss Byggsenter har ei historie som strekkjer seg over 30 år med dedikasjon til bygging og sal av bustader og hytter i og rundt Voss. Denne lange erfaringa gir deg som kunde ein kjensle av tryggleik gjennom heile prosessen med å kjøpe eller bygge din draume bustad.
Flytt inn i ein heilt ny familievennleg einebustad, i eit godt bumiljø nær sentrum. Her er det høg kvalitet i arkitektur og finish - med mange funksjonelle løysningar, dobbel takhøgde, store fleksible opphaldsrom og direkte adkomst til uteplassar på alle plan og sider av huset.
Prosjektfase
Under oppføring
Planlegging
01.08.2025
Salgsstart
31.08.2025
Byggestart
01.06.2026
Overtakelse
Nøkkelinfo
Boligtype
Enebolig
Eierform
Selveier
Soverom
4
Bad
2
Etasjer
3
Bruksareal
192 m² (BRA)
Internt bruksareal
185 m² (BRA-i)
Terrasse/balkong
63 m² (TBA)
Energimerking
B
Fasiliteter
Garasje/P-plass
Balkong/Terrasse
Utsikt
Ein innhaldsrik einebustad
Er dette moglegheita du ikkje kan gå glipp av? Ein nyoppført einebustad så nær sentrum, teikna av arkitekten i nabolaget, med kvalitetar heile familien vil sette pris på.
Fordelt på 3 etasjar omfattar denne eininga følgande:
1. Etasje - alt du treng og litt til I 1. etasje har du inngangspartiet til bustaden. Her har du også det romslege fleksrommet med direkte utgang til forhagen. Det er to soverom på første plan, eige bad, vaskerom og praktisk sportsbu og ekstra bu i tilknyting til teknisk rom.
2. Etasje - hjartet i huset, med stor takhøgde og mykje lys Andre etasje er på mange måtar hovudplanet i bustaden med alle dei viktige felles opphaldsromma som spisestove, stove, kjøken og direkte tilkomst til den store terrassen.
Den opne løysinga knyter stove, kjøken og uteplass saman. I lag med den store takhøgda gir dette ei fantastisk romkjensle. I tillegg har du eit romsleg soverom og bad på dette planet.
Smykket i huset er trappa som bind det heile saman. Ein gjennomført og gjennomtenkt bustad frå A til Å.
3. Etasje - kveldssol og utsikt På 3. plan finn du den romslege loftsstova med direkte utgang til takterrassen med kveldssol og utsikt over fjella. Her har du også eige soverom og ei praktisk bu.
Loftsstova er ei fleksibel løysing som kan brukast som TV-stove, spelerom, roleg lesekrok eller når du har gjester.
Om nabolaget
Blomvegen er ein del av Haugamoen. Eit område prega av godt bumiljø, godt naboskap, fine møteplassar og trygge omgjevnadar. Plasseringa gjer at det aller meste av det du treng i kvardagen er tilgjengeleg til fots.
Med den nye gangbrua Svinto går du raskt til idrettsanlegg og vidare til sentrum og skular. Alt i gangavstand. Det er 5 minutt til Amfi og 7 minutt til Grasbanen. Og ja, du har helgeopen nærbutikk i enden av Blomvegen òg. Det er 16 minutt til Vossabakst Handtverksbakeri, og ikkje meir enn 23 minutt til gondolbana.
Med utbygging av Blomvegen får Haugamoen eit nytt tilskot til det gode nabolaget. Det går ein snarveg gjennom den store uteplassen som bind Flaten og Blomvegen saman. På den måten blir det lagt til rette for gode møteplassar, nye gangvegar og godt naboskap.